Kjeldearkiv:1888-11-16 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1888-11-16 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 16.11.1888
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 47
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Siljord fredagskvelden 16-11-88.

Takk for sist Iva!

Ja no er eg so sliten, eg kan vist ikkje få brote ihop eit skarve brev. No er kl 12 ½, og eg ha liggje ti sela sia idag kl 8. Det er anna held det rotne latmannslive uppi Heidalen. Men det er skråsant, som du sa, eg var ein heldug fant som slapp hit. Eg har alder lært so mykje på ein måna i mine dagar, som den månan eg no ha vore her. Idetmindste ha alle fabrikplaner fordufta sia eg kom, for no ser eg, at det fins ’an måte å få kundskap på.

Kvar dag har eg tvo timar på skulen og sume daga tri: Ein reknetime kvar dag, ein landsmålstime kvar dag, geografi tvo timar i vikun, norsk stil ein og lesning ein (deklamation). – Rekning var på langt nær ikkje so turt som eg ha trutt, og landsmål er so moro, at det er ein spegjil. I målformen lyt eg då vera so ortodoks som det er rå skaft; men eg er sagte knapt fri for å føra ugudeleg lære kusser. Det går meg liksom ’om Paul Bergh då han skulde læra ei gjenta religion til konfirmations. “Soleis lyt du svara presten,” sa han; “men soleis er det.” – Det var held ikkje meiningi å hava landsmål på skulen då Botnen ekserar dei inn med H. Ksk., men so var det eit par som bad um det, og eg tok då til med 3 stympare, men no har eg 15. – Ja i norsken kan det vel vera, oldnorsken min kjem godt med. – Men so geografi då! Forsyne meg står eg ikkje å prediker (held “fyredrag” ha Botnen skrive på timelista) og so citerer eg Trompeten hans Per Dass og Norriges beskrifuelsen hans Per Clausen av og til og so Vinje og alle klassikerane mine, so det berre tyt i veggjerevom. Eg har stimt berre i Norges land og rige enno – ja eg har att rosinen i den pylsa au, Jøtunh. og Gudbrd. – men eg skal lika meg bere, når eg slepp utanlands.

Og so stilen du. Jøsses, ret sitja rette slike gjentestilar. Der kjem dei lurande med stilboken i smug og bed meg gjøyma ho væl. Og der ha dei skrivi ein liten logande elskovsroman slik, at eg kunde trengja ta handske på, kvar gong eg skal blæa um, og eg tykjer det er reint synd å setja alt for mange barbariske blåe blyantstrekjer. Og so sit eg her og les desse fine gjentetankarne til eg knaft fær teva, og trur, det må vera meg, det er meint på. (Dei har funne seg æmne sjølve enno, ser du). – Men lauken er no lesingi. Eg likar skamma godt å læra folk lesa, ser eg. Ja vi brukar ikkje nokor kongeleg autoriseret lesebok netupp. Hittil har vi pløgt i Storegut (han er no aparta til det bruk, han) so lyt vi lesa noko av dei beste nye målbøk; og so tilsist goe bygdamålstubba. So tek vi fatt på dansken og les Arnljot Gelline og meire av Bjørnson og Ibsen. Rokk vi meir so kjem vi åt svensken, og les da Fänrik Stål[1]. – Netupp for å læra lesa har det mindre å segja anten det er norsk held dansk, når det berre er godt.

Soleis har eg so fullpanta byrt med skula, at det blir smått bevendt med noko anna. Engelsken min har no liggje reint brakk enno. Men det fær ikkje hjelpa, måta; ein kan ikkje krevja å få alt inn i hausen på ein ruff. – Ja, eg tykjer no, det flaskar seg vonoms bere, eg, og um ingen an’ lærer noko på timarne mine, so veit eg då ein som lærer, og det er eg sjøl. – Jamen er det so.

– Og sprett og liv er det i klutom i vinter. Kvar fredagskveld er leik på skulen (eg ha ikkje ti ikveld, eg) Kvar laurdagskveld ein fullstappa “Frihug” og diskusjon. Men kvar sundagskveld møter bygdafolk au upp, og so går det laust med sang, upplesing og forteljing. Dei tvo siste sundagskveldarne har eg fortalt Gunlaug Ormstunga saga for fullstappa salen, og det likte eg avråe godt. Eg lyt vist slå meg meir på islandske sagaer. Kanskje eg tek Njåla med utover vinteren. Men i overmorgo skal eg fortelja um Skottetoget held ogso lesa upp Vossastubba. – Dei er det beste av alt, desse sundagskveldarne. –

Det er mange skaglupe folk på skulen. Ialt 30 godt og væl. Av gamle kjenningar frå vår regjeringstid på Midtbøen er å nemna: Ingeborg Solberg, Anna Nes, Anne Koltveit og Madli Hakestad – ja ho Madli buskapar no berre i kjøkene ho. – Ho Ingeborg Solberg er vist glupaste gjenta som i bygdi finst, kanskje den vænaste med. Anne Nes er held ikkje so fyse; ho ha trutna ti bra og er “vællagdu med lendalag og b.. og umpelatils, – men lite koket er ho trollet. Men Koltveita fins det ikkje liknemente åt, men du hugsar nok gesigte henna. Og ho Madli ha feitna og tetna enda meir. Av andre gjille gjento har vi ho Ingeborg Jore frå Rauland og ho Gunhild Stav frå Trøndel. og enda mange fleire. Berre ein danskje.

Ullmann ligg no i Wisbaden[2] og blir ikkje viare heime i vinter. Han kjem att derfrå til jol.

Men skulen ser ut til å gå rett bra, kusser. Arctander er flink nok han skal eg tru. Han har berre eit lyte: han er for lærd.

Friseminaret flaskar seg au vonoms. Det var på eit hengjande hekte, eg ikkje vart seminarlærar med ein ruff, eg, ser du. Dei vilde truge inn på meg geografi på seminare, men eg sa, at dei for skam skuld laut la meg sleppa. Oldnorsk fins det ikkje i heile leiken.

Noko bygdanyt veit eg ikkje å fortelja. Det ber til å spøkje med månskjensleik på isen ned i vikjom her, men han er noko “speleg” enno. Snjog i fjelle og holke i bygden.

– Åsmundstadn trefte eg på Hamar. Eg ha senda bo på han, og han møtte fram. Og vi ha so mykje å rala um, at eg laut gje’ meg over i byen ein dag (på V.hamar meinar eg) Jau han er ei sund sjæl likvæl han Olav. Kaninkjøt smakar han ikkje. Han har sagt gausdølom “fåival o manne tak” og han går no og obsalverer korleis dei “kjemper sin sidste strid”. Soleis viste han au eit og anna smått frå bak kuliserne. Og so kom vi ilag med Jørstad og Filseth ser du, men serleg Filsethen var so sjo og sturen, eg tykte reint synd i gute. – Til jol kjem reint sikkert Åsm. upp i dalarne og da vil han hjemsøge dig. – Dykk lyt da prata so smått um eit månadsbla på dølamål. – I vinter driv han Ola berre med snikkarskule og so fortel han sagaer attåt.

Ja no er kl 2 so eg lyt vera fri for inatt og no høyrer eg Botnen ligg og snorkar og ryt “so ei annor purka”. Vi bur hjå Hansen båe vi tvo, i kvart sit rom, men døri imillom står ope stødt. – Eg skulde helsa frå Botnen og spyrja, um du kunde skaffe note til den nye stevtonen, du høyrde eg song. Kunde du senda meg noko gamle “melovitte” var det au bra. Eg går med seminaristarne og skal læra noter no ser du.

Var ikkje Nansen gut, som krabba over Grønland du. Men det er no berre vi lærde geographer som forstår os på slikt måta.

Ordboki hans Åsen vonar eg du har fåt. Brennande dø kor morosamt “Stoveprate”[3] henna Bolette er du – ja da kan du gje deg pao.

Det breve som skulde liggja her og bia på meg, har eg ikkje set noko til.

Skrir det bra med ’om “Kristen” og ’om «Ola»?

Mange helsinge åt deg og alle i hus frå om

Kristian

Helsing frå Hansen au!

Fotnoter

  1. Fänrik Ståls sägner (1848–60) av Johan Ludvig Runeberg.
  2. Byen hadde vidgjetne varme kjelder og kurbad.
  3. Forteljinga Staaveprat (1888) av den skånske diktaren Henrik Wranér, omsett av Bolette Pavels Larsen.