Kjeldearkiv:1889-01-16 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-01-16 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 16.1.1889
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 50
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven den 16de januar 1889.

Godt nyttår att, hr. adjunkt!

Jau så lyt eg rødja burt klisterdunkane, papirfillune, lærlappane og alt [...], eg har rundt umkring, og setja meg til å skrive nogle kjærkomne rader til dig, ømt elskede lærar og upplesar etc. Men brev på ei halv vog – nei det er ikkje kome ibruk enda det, skal eg segja deg, og væl er no det, for elles hadde eg låta gjort mit testamente både væl og fort. Tvau heile ark har eg laga meg på med, gud veit kva eg skal råka på til fyll, for nogo å skrive um har eg ikkje, hausen er tom som ei rista hit.

Jau, det ser ikkje ut til å stå på deg, der du er! du har da alt tøfta deg upp [...] til gilde “rennomê” etter som eg kan forstå og, at du skulde kjenne deg likesom lima attåt den rette hylla med eingong, var da formykje å krevja. Når det berre går tvau steg fram og eitt attende er det ingor årsak til å vera missnøgd, skal eg segja deg – ein lyt vera til um det går tvau steg attende for kvart eit ein stig framm au, det er eg eit levande fyredøme på. Det tullsnakke um føa, det fær du no gjera væl å spara øyredn mine for sålengje, som du buskapar med kakuskivom på Utgaren både 2 og 3 gonger pr. dag. Og når det er ende, så fær du da tene den beste av alle normenn, Kongen sjøl og han gjev både mat og klæe og 15 øyro dagen og fri undervisning utur “blåboka”[1]. Så bli du tekjen til halvtroppsjeff og lyt åt Fredrikshald på 3 månars særskildt skule og da fær du heile 20 øyro meir for dagen enn dei “menige” ein annan somar. – Det vil da segja, um du er flink og lydig og opmerksom og høffeleg på moen tilsumars – fær du åt som eit grasnaut, så bli du ikkje med av desse udvalgte, som skal antel åt Fredrikshald eller Xania. Nei, det er det eg seje: når berre ein har ungdomen så står det ikkje pao, men når det teke te å glytta graoe kveiner fram uppmed øyredn! – jagu ser det da kjølegt ut, det kan du gje deg pao.

Skulde det vera så nausynlegt å grandske Vågemåle for deg, tru. Ja, ikkje for di, det er betterdø rikt nok, men at du sviv i ei slik målville, som du segjer av, det er no plent hoggande klåre lygna, det. Det er elles alder værdt å segja nogo um slikt, og eg plagar ikkje gjera det held, men du skriv eit mål så godt, at det er det sama, um du ikkje kjem til å skrive det bere her i verden. Eg for min del har no etla meg til, å slegje lag med filologom[2] her i bygden, eg – og blir det da nogo du vil ha råd og rettleiing med så – ja da veit du kvar eg er. Eg har kjøpt meg ei lita notesbok i voksdukbinn hjå Halvorsen og Larsen og kvar gong eg treffer ei gamal kjering, som er slik ho “trøkker” seg greit ut, er eg eldande snjåp til å vera uppe med den vetle boka og kniper kvart ord, kvar vending i revstjerten: c: haletippen. Så lyt dei stao der til framtidug bruk både for meg og deg og alle, som vil ause utur denne livskjelda.

Jula tura eg heime så stilt som i kjørkja og det var nettup eg hadde råd til å halde heilagde høgste dagane tesheld, berre for bokbindinga skuld. Eg har havt det så travelt med bokbinding sea tri vikur førre jul til no, at eg har brukt over ei veke til å lesa igjenom “Støv” av BB. – eg orkar ikkje halde uppe augedn nogor ri etter eg har lagt meg. No har eg liggjande over 50 hefta bøker, som skal “bereides”, skålfikas og gjeras frå seg så snøgt som mogelegt. Uff, det er kjeidt dette, gut, når ein skal drive det alvorslegt – eg speglar meg tvo gonger i veka og for kvar gong ser eg så væl, at eg meir og meir tek til å likne ein gamal innturka fenaknok, som salta ligg som ei hard skjæl uttapå og kjøte er klåre fausken under. – Samtalelage vort liver med eit veikt liv enno og “Otdølen” likeså. No, i dette siste numre, har eg skrive ei melling av Nybrot[3], det er det einaste “literære” eg har fåsta ved nyleg. Det er kokehol og, må’ta, vi har bokmellingor i Otdølen au. Nei [...] din pen, som ikkje kan ha eit gudsord til å lata åt “Otdølen” ein einaste gong! No besværger jeg dig ved Kivlemøyarne, ved skjegge åt Botnen, rundtrøya og treskona hans Jørund Telnes og fletturne åt alle jentom i Seljor, at du skriv eit kort referat av det foredrage Ullmann heldt um uttanlandsreisa si. Gjerer du ikkje det, så jaggu skal eg gjera skreppa di så skakk, at det skal ikkje finnas salmaker på jorda, som skal vera kar til å beinke ho att. Kom med di på seinast 3 vikur, for da er eg redaktør. Kvar du skal melle deg, søkje, andrage og ydmiugeligst dig henvende for å få stå under gjevær og givagt i gelied på Gråtarmoen, det veit eg ikkje – men det skal sikkert gao gjødno maonge trongjer og smale strype det, som har såmykje bety for fedrelandet, må’ta. Det beste er no, at du freistar å treffer sjersant Skrauland[4]; med det fyrste! for det er gjedna so, da skal gjerast i god tid førreåt. Står ikkje ein sjersant i kråmbua hjå Lindstøl – den som var der i 86?

“Knarkarne mine”? hm, hm. “Det nye lutlaget – tek no det, som er nogo vær” um det blir vestlandsk au, Åsmundstaden og det nye tidsskrivte, – den sprengde hanen og kui i Øystremarka som blii ståli. Hm. det var ein lang vev det. Som er nogo vær, ja, der var det, der. Eg tek betterdø til å tvile stygt på, um eg er kar til, å koma med nogo, som er nogo vær i målvegen – trur mesta det er nogo rotlause innbillingo eg og andre har gått og gjort oss um meg. Kjem eg så langt, at eg fær avritsa ferduge mea du er i Siljord skal eg sende deg deim, deg og kanskje Galtland. Åsmundstaden har eg korkje høyrt gjete eller sett såmykje som eit skimt av – men det tidsskrivte dei har prata um det blir det nok ikkje nogo av med. Gud bære oss um vi ikkje viste meir enn å leggje iveg med di! Ja kanhende Åsmundstaden er tyngre kar i selen, eg kjenner ikkje stort til honom der, han har truleg utvikla seg mykje berre no dei siste tvau åra, men eg vørte bitterdø forlett i stjerten. Eg vørte liggjande som ei sprengd merr i veggrøfta fyrste fjorungsåre – forutta “ballast” går det ikkje an å våge seg ut på segling. Men som det no held på å skapar seg i målvegen skulde det endeleg ha vore eit kav-austlands tidsskrivt, som kunde halde vore “interessur” uppe imot den vestlandske “uroksen”. Fær eg ut avritsa mine og det går så, at ikkje fanten bli hutsa ut av den bokskrivande “skare” med eingong – så kunde det hende eg lova Åsmundstaden al den hjelp eg orka um han vilde våge trøya og gjeva ut ein “Gudbrandsdøl” eller kva han kunde finne på å kalle det. Punktum.

Eg skal helse urimelegt, grovt mykje frå både brørom mine! Dei står i avråe spekendas um dei skulde draga åt Danmark og ta seg tenest til somars. Var det ikkje eit par gardskare du skulde leige åt Askov eller kva? Kunde dei greie den biffen så ha dei vist gjenne vilja freista; døkk fær “underhandle” med ein annan. Det er synd i dessa stygge-ryggom, dei skulde vore ute nogo båe tvo og her heime er det dauen i gryta. Eg gjørde vist rettast i å kneppe att frakken og hyle nedi Danmark til vårs, eg au, og ta meg tenest på ein gard. Du fær elles brev frå brørom mine med det fyrste, men står du i desse tiom i brevveksling med nogon danskje som skal ha arbeidskarer, så kan du gjenne leigje dei burt når det ikkje er rett ein slavehandlar, da.

Ja no tør eg ikkje sjå etter um det er nogo eg har gløymt, med eit ypperleg velmeint godt nyttår og ei flittog helsing frå alle her sett eg pinnen attfor.

Hugs: Otdølen, tri viker!

Din

Ivar.

Fotnotar

  1. Vanleg nemning for soldathandboka, etter fargen på omslaget.
  2. Mellom dei truleg Halfdan Halvorsen, som stelte med lydskrifta i Segner fraa Vaagaa (1894).
  3. Forteljing (1888) av Jens Tvedt.
  4. Fiktiv person i Staaveprat (1888).