Kjeldearkiv:1889-02-20 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-02-20 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 20.2.1889
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 52
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

20. 2. 89.

Kristian!

– – m – ja, betterdø bli han nok måteleg lang den epistelen du fær idag er eg rædd for! Låk, – øyrverk, tannverk? Jaggu tenkjer eg det var berre nogo du fann på for å koma frå den skrivinga i “Otdølen” eg påla’ deg sist! Og for å tala det burt, så herme du etter apostlom og kirkefædrom og gjerer deg så vid og klurot med bibelsprok, at det er som å koma innåt eit turrgronnskat. Men, nei gudsbetterdø, um du skal snyte korkje meg eller Otdølen um du freista alle slags rare konster og spikjileringo. For, ser du, eg har liggjande eit par tylvter med brev frå deg som kom mea du buskapa ned i Danmark – eg kosta enda hefting og umslag på dei eindagen – og no skal det brennande dø, koma eit utvalg i Otdølen framover! – Bli du uroleg? Bli du sitjande som på gløom og er tilreie å få krampe, er von, når du tek til å tenkje på, at eit slikt svin som eg skal ta seg til å rote i slike “private og konfidintielle” saker og leggje dei fram for “offentligheden” og det enda for eit slikt “intelligent og kritisk anlagt publikum”, som samtalelage i Otdalen. Ja banne ikkje utur deg den jakslen, du velsignar så, førr du fær høyre, korleis eg tek det. Eg har no ikkje tenkt, å la folk rigtugt endefram få sjå og høyre kor igjenom skrøpleg du er, hell – banningun og ugudelegheita, som er så tjukk – skal eg no telje av likast eg kan og likeså er det sjølsagt at det, som er berre for meg, lyt haldas burte. Det er enda att mykje um danske umstøor og live ved skulen som vil vera mat åt Otdølen og det tek eg, du fær bli k’an du vil.

Jau endeleg har eg fått svar frå Seippel; Moltke Mo held på, å ser igjenom boka mi og skal skjera burt dei mest sermerkte Vågeuttrykk og det, som best målar “karakteren” åt sagnfigurom mine. Boka kjem iår, dei vil leggje åt med henna fortast dei vinst. Så ha dei hug til å sjå eit lite arbeid um nogre av dei merkjelegaste bygdakonstnarom vore, som eg ha fortalt Seippel um, (Langrustslegta, Sæterdølen, Klukkstaden o. fl.) det kunde hende, at dei tok med det. No held eg på å arbeier på det – førre sundag skreiv eg eit rits av ’om Erland Lien og så “gedigen” Vagver, som eg kjende meg da, har eg sjelda kjendt meg – det var mest som eg hadde fått lagt reint den gamle Adam under hælane på meg. Held eg ut så, skal eg få ut nogo av di. Stipendium såg ikkje samlaget seg råd til å gjeva – dei hadde ingor råd med å gå uttum det upstaka måle: å gjeva ut bøker – det var berre så vidt, at det gjekk enda, sa Seippel. Men, at det vilde vera nogo utifrå gjildt å sanke ihop sagn på Lom, det skjønte han au og han heldt ikkje umogelegt, når boka mi var utkome, at eg kunde få eit lite stipendium av den sum som til kvart år er uppført åt “videnskabelige reiser i indlandet”[1], han rådde meg til å søkje og det høyrdest ut til, at han vilde stødja meg. Åja, dei er no ikkje forgoe til å høyre de, sa Kveen, da han skaut imist på rupa.

“Avritsa” mine har kvilt godt sea ihaust, denne [...] bokbindinga fær ronere meg reint, ho, førr det slutta. Her har eg liggjande ei ryggjebør med “juridisk” visdom åt J. Krogh og eit kjølkelass med “medisinsk” åt Øvergård. Ein skulde elles ikkje klaga på det, at ein fær arbeid nok – men kjei er ho denne bokbindinga både seint og tidleg. Eg har alder havt såmykje binding som i vinter og eg ber til å tru, at ein bokbindar kunde føe seg her, når det vørte betre tier. Men, det var sannt, du tala ihaust um å skrive åt bokbindarlæremesteren din i Askov etter uppskrivter på korleis dei laga “bindemidlet”, “grunden” åt forgjyllingen – har du gjort det? Eg er stødt faren for, at det vil gå på skjeivt her og der når eg skal trykkje boktitler i ryggen – eg har ei uppskrivt, men ho må vera unøiagtug. Skriv og spør etter korleis dei blandar æggehviden og korleis dei har han på, dersom du ikkje alt har gjort det.

Jau døkk leik og spelar komedi døkk, det er rett, det, eg veit ingor likar moro, men det er sannt som du segjer, at det vantar lette stykkje frå “folkelivet” – og neiggu um det er min “ekspedition” å skrive slikt lel – gjer det sjøl. Men Hugvendinga fær døkk spila – du er skapt til Torkel, du – men han Jon Småflat? Jau: Hansen! Skrivaren kunde fulla greie å vera Gunnar Storflat. Det skulde vore forbanna morosamt å sêt døkk.

Førre sundag var Ola Jensen her som snarast – pen og glup kar, han er vist fælt godt umtykt upp i dalen alt. Eg ventar, at han kjem heimover att snart.

Ja no har eg ikkje råd til meir i eingong – eg lyt skrive eit brev til au før posten går og så lyt eg “oppappe” 7 binn med Meilænders lovsamling førr eg legg meg. Være er grovt så mildt i vinter, å kalle ingen snjog nerefram. Her “nordafor” har vi havt slik sørgjeleg holke i heile vinter, at ingen minnes det verre; kjem det eit lite snjofokk, så er antel vinden eller lekka tilreie å ta han førr han blir eit jamdøger gamal. Folk går og “held” seg og stiller seg så dei kjem så i vane med det, at dei bli skakke heile si levetid dei fleste i hugusognet.

Med desse fær du vera tent for idag. Hels Hansen og Botnen og likeså folke på Midtbøen um du råkar deim! Helsing frå alt og alle her på Kleiven.

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Kleiven fekk 150 kroner frå dette fondet i 1896. Seinare fekk han fleire stipend derifra.