Kjeldearkiv:1889-08-17 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-08-17 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 17.8.1889
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 61
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kristian!

Da det er folkelaust heime på Kleiven idag har eg ikkje råd med å få slipt desse betjønna – du fær få Pål med deg å slipe deim; slip dei berre dygtugt tunne – brei sliping, for helles bryt dei ut kanten på boka bak i ryggen. Og så lyt eggen vera bein, er han alder-så-lite vinn så jaggu bli skare som ei tropp.

Lim kjem Johans’n med ikvell – av det grumme “forsatts”-papire sendar eg med tvo-ell-tri ark som eg tenkte skulde vera ei gasta foræring åt deg. Kan du ikkje ta deg til å gjera deg ein sløng til kvar vike nori sætra vor og vera der eit par dagar um gongen for å bruke “styrten” vor? Du skal bli fora med fisk og kallgraut og lauvte over ein “lav sko” så du trøng ikkje ottast for, at du skal bli gjort fremandgut av. Eg trur det er nogo av det beste du kunde gjera og er ikkje du var um deg no, så er eg rædd det spøkjer for helsa di. Tenk på det!

Ivar.

17. 8. 89.