Kjeldearkiv:1890-01-23 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1890-01-23 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 23.1.1890
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 65
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

23/1. 90.

Kristian!

Ja her kjem “Otdølen” men gud fri oss kor bleik han er dennegongen! Men til næste gong skal han sjå annorleis ut for da fær eg hektografblok frå byen, da.

Du var kontant dennegongen og no lyt du vera likeså kontant til næste, for fær eg ikkje hjelp så bli det skjit – skal ikkje den karen klemme iveg med ei længer forteljing? No ja, kom med det du sjøl vil.

Eg har tenkt, vi skulde klemme dygtugt på med bygdasynder og bygdauskikker attåt, og såsnart eg fær lite meire tid vil eg koma med ei førelæsing um drengjestugu og karstugu eller kva [...] dei kallas desse reira som har øyelagt såmangt eit menneskjeemne. For “Otdølen” skal bli [...] hell og ikkje “blot til lyst”. Høyrer du nogon, som vil tinge “Otd.” så fær dei melle seg – dette no. var da tanken, at du og Ola Prestg. skulde lesa ihop.

Frå “morgonblade” har eg høyrt rykte um at morbror din[1] og eg skulde vera ut-trekte som lagrettemenn åt lagtinge på Gjøvik den 10de mars; er det så, fær vi truleg gjera den trippen vi, dersom det fins nogon skjelm i lagsokne, som veit såmykje, at dei gjerer nogo så gale at juryen lyt setja seg i rørsla. Skulde det bli reise av lyt eg leigje meg skjot med ’om Pål eg, fær du seja – eg lyt leige meg fram korsomer eg.

Når [...] byrjar du å “skule”?

Enno ingenting korkje frå Seippel eller tespekendasen – har elles nyleg skrive um den siste greia att og ventar å høyre videnskapens dom med det fyrste.

Alt på gamal gjerd – turkas mest upp i kjeisamdheit og meiningslaust matstræv. Heil og sæl!

I. K.

Fotnoter

  1. Pål Prestgard.