Kjeldearkiv:1893-07-24 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
1893-07-24 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 24.7.1893
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 97
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bøneslien 24 Juli 1893.

Kjære Kristian!

Skal eg vaage paa med eit storark idag, tru? Ja eg fær vaage det paavona, um aanden skulde røkkje til, ho er nok viljug, men kjødet er skrøbeligt.. Saa er du fulla ikkje saa nøie med indhalde no, du er kome saa langt utur bjøll-ljomen, sjøl det argaste kjerringsnakk skulde ein vente du tok med teknom ved, naar det berre kom fraa “Svadberglande”. Ein fær no ikkje tenkje saa gale, at alt det nye og store du no allt har sêt og høyrt har hugvenda deg saaleis, at du er vorte saa kravfull som ein fullblods “yanke”. Men jamen tenkjer eg du har vorte var eit og anna framandt no og eg ventar ikkje saa lite paa aa faa høyre um det i Framgang.

Eg regjerar no i Bøneslien isomar og, men det er saamykje regjeringsanliggender ute i kolonierne, at det er berre ein treff, at eg er roleg paa sætri 2 dagar islag. Kvar postdag – og no gjeng han 3 gonger i veka – er det oftast eitkvart aa utrette, og dertil er det i eitt laupand etter brød, egg og andre hushaldningssaker. For du skal veta, eg har liggjande byfolk her, no og, maa’ta. Eg hadde ikkj[e] rigtig hug paa, aa leggje ned heile greia her heller, etterdi eg har arbeidt saamykje paa sæterstugo, men aa leigje ei dyr hoteljomfru for aa stelle med nogre faa gjester bli forrdyrt og saa averterte eg um, at eg hadde rum for antel eit familie eller nogre somargjester elles som kunde ha hug til aa stelle seg sjølve. Jau, med di var det 4 unge studenter som beit paa, dei leigde 2 rum med 4 sengjer for 100 kr. maanaen og saa skal eg halde dei mjølk og smør og fløyte i kaffen; egg, ost, brød og anna, dei kunde trengje, lyt dei kjøpe av meg. Desse karane kom her den 14de og er no longe godt i stell kome, dei likar seg framifraa godt, skryter av “stedet”, Bøneslii, Graahøi, Flatningsholmen og baade vatni. Dei raader meg til aa halde paa med aa utvide forretninga til bana kjem, da vil det ikkje trjote folk, læt dei um. Det er 4 huglege karer, desse studenterne, kare som har ferdas noko ute millom bygdafolk førr, saa dei har vet baade paa eit og anna og saaleis er gode aa faast med. Den eine heiter saamykje som Per Rygh, son aat ein av dei førre stangske statsraader[1], saa er det ein Hans Dedekam, son til ein byraasjef[2], Oskar Andersen, son til ein tollinspektør[3] og den fjorde, Andreas Stenersen, veit eg [...] um kven manns[4] son han er. Rygh og Andersen studera jus, Stenersen medisin og Dedekam skal bli filolog. Sterke videnskabelege eller andre interessor har dei 3 ikkje saa svært mykje av, men dei er no godt upplærte og har “solide” kunnskapar – filologen derimot, han er ivrig botaniker og er vist ikkje reint lite æstetisk ihopsett, teiknar gjerer han heller ikkje saa ille. Ei vakker utsikt, ei vakker fargeblanding i skyi kan setja han i stemning med ein gong, og han skryter svært av Bøneslii, nogo som du veit smakar meg godt, særleg naar han sejer det, for han har ikkje liten sans for det som er vakkert. At desse karane er stive høgremenner er mest sjølsagt, for Morgenblade kjem her i haugetal 3 vendor i veka, men vi held fred der og agtar oss paa baade leier, saa vi ikkje kjem innpaa dei greierne. Du kan tru det er moro aa sjaa dei øver kokekonsti! Føre seg fekk dei senda upp paa sætri 2 kassor med matvaror, hermetik, kjøtpylsor, skinke, kjeks, kveitmjøl m. m. Dei grovare saker som brød, egg, ost og mjølk kjøper dei som sagt av meg. Um morgon er det ein dag kaffe, egg, ost og smørrogbrød til frokost og ein annan sjokolade og sama matvarorne, tvo og tvo skiftar med aa “skaffe” til kvar dag. Til middags er det antel fisk, skinke med egg, eggjepannkakor eller, naar det skal vera ein “splendid” middag imellom, rummegraut eller Thornes “mørbrader”. Dei er elles ypperleg snodige som kokker og heile matstelle gaar saa snodigt til som paa eit hotel. No har dei alt faatt saavidt øvelse at dei ikkje brenner seg lenger, heller, korkje av grytehoddor, brandringer eller kaffegovet, berre Stenersen er halden for eit fæ i kokkestelle enno og det er tesværre ikkje rare voner um, at han kjem seg upp heller, han. Men saa bli han ved uppvasken oftast og da sit han paa ein stol midt uti garden og vaskar talliker, kopper og glas saa grundigt, som han skulde halde paa dissikere paa anatomikammere. Mor lyt no hjelpe og rettleide dei mykje, og naar ho har tid for det, saa tek ho no altid av dei uppattvasken og det er dei svært takksame for. Dei kallar ho “bestemor” alle 4 etter Vetleknut[5] som var her medsama dei kom, og det er ikkje langt imillom kvar gong det er rop paa “bestemor”. Skal det vera fløytegraut til middags, da lyt bestemor ta heile komandoen, dei lit ikkje paa aa gjera den operasjon sjølve enno. At desse unge gutane, som ikkje har nogor næringssorg eller annor tyngsla aa dragast med, ikkje sturar, er sjølsagt og eg undrast hellerikkje paa, at dei godgjerer seg i friluftslive. Naar dei kjem upp saa upp til kl. 10 og derover, fær dei morgostelt seg saa utover til ½ 12, er det da godvær bær det ut paa fiskeri, uppaa Graahøi eller paa ein annan kant. Er det ruskevær sit dei uti daglegstugua (den gamle “skuten” var) og spilar Lhombre dagen igjenom 3 af dei, Dedekam skriv eller teiknar, naar han ikkje har arbeid med aa perse blomster, han har no fjøler og 2 merralass med stein liggjande utover stugugolve. Juristane har med “Hagerups panteret”, medisineren ei stor “anatomi” som dei lest aa skal skvatte i sume gonger; men det gaar ikkje, dei gaar heller aat Dedekam og laaner kvar si fransk roman, naar dei endeleg skal lesa nogo. Sume gonger medsama dei kryper tilkøis kan dei faa ei rid over seg med galnskap som bukkekillinger – dei ligg gjel og syng lange evur og gje kvarandre fantord gjennom bordveggen. Og var dei ikkje saa væl uppdragne, som dei er, flaug dei fulla utur skinne, og, saa unge og kaate som dei er, og med eingong kjenner seg løyste fraa alle band som fyrst lesnaden og sia ein unaturleg overkultur legg paa byfolk. Men hermed tenkjer eg, at eg let studentane vera for idag.

Det, eg no elles tenkjer aa nytte meg av desse karane, er at eg gjennom dei, som no sjølsagt umgaar saamange inne i hovudstaden, kan faa sætri mi kjennd og dermed kan vera sikker paa, aa faa saamange byfolk hit, som eg har husrum aat. Um eg kan bli hengjande her eit aar til og fekk nogor raad med aa koste paa eit hundre kronor, kunde eg til næste somar ha rum aat 8 gjester; og da vilde det bera seg aa leigje ei jente til aa stelle med deim. Men eg er vorte brennd av aa leggje planer forrlangt førreaat, og det er best aa bie, til ein fær sjaa kvar vinden staar fraa næraste vaar att. Som du nok skjønar av det eg har sagt her framantil, er det nok ingor njoting av friluftslive for meg um dagarne. Og den “litterære alster” gaar det inderleg skjit med. Eg har no dregje med hitupp baade han “Vetlkristen” og han “Gamelhans” og har etla meg til aa gje dei ei grundig overhaling, men det er største vone til, at dei slepp reint unda no, som førr. Etterdi eg er inne paa det literære lyt eg ikkje gløyme aa fortelja, at eg kneip ein 5 kronors præmi i honom “Tyrihans” no nettup; eg senda eit einaste stykkje tidleg ivaar, sjølsagt paa døl, men da eg ikkje saag meir til det gløymde eg heile leiken til eg no fekk sjaa det at i førre numre.[6] Betterdø kor uppsett eg med ein gong vart, du, paa aa slaa meg 5 kronor! der skreiv eg eitt konkuransebidrag iførrdags og idag har eg og smidt ihop eitt! Dette fraa idag er det beste: figurane er ækte, eg har berre logje ihop “staffagen”, men gjort det godt, um eg sjølv skal seja det. Hans Leirflaten skal ha tent store penger hjaa honom “Tyrihans” dette aare han; eg har sêtt nogre av bidragom hans og eg lyt seja, at kor “pointe” i dei ligg, det skjønar ikkje eg – hellerikkje skjønar eg Sindings og Vislis uppfatning av det flirande. Men truleg er eg altformykje bunden av mit norddølssyn paa det flirande, og du veit vi nordøler likar “sterk tobak”, som fan sa, da molboern skaut han i nosen med eit haglskot. Leirflaten lyg ihop alt, og, han, som han sendar, og det skal det herrens gaavor til; han har nok fantasi langt burtover, men ikkje nokk og saa eig han ikkje greie paa “teknik” i ljugarkonsti anna, enn det bli saa gjerdlaust urimelegt mangt av det. Men fyren kan koma seg, for han har ungdomen for seg. – Kan ikkje ende dette breve utan aa seja nogre ord um være heller, etterdi det høyrer med til god Vaageuppdragels. Steikjande turk fraa midten av Juni til midten av Juli, reint gloheitt; men no siste veka har det bløytt paa med regnel som himilen skulde vore open og folk ber til aa gruve for innturken. Det teiknar til bra aarveg saa paa den handi bli det fulla ikkje gale, men peningtidi bli trongar og trongar til kvar tid. Ja, det fær vera nokk dette i eingong; kunde vi faa ein graahøtur eller ei Flatningsholmsferd ein sundag saa eg kom paa godt møle, skulde du faa eit storark fraa meg att med det fyrste. Helsing fraa mor og

din

Ivar.
  1. Evald Rygh.
  2. Hans Ellefsen Dedekam.
  3. Andreas Martin Andersen.
  4. ByrettsassessorJonas Stenersen.
  5. Knut Nygård, f. 1887.
  6. Stykket «Detta er stakar, som er sætande, det» i Tyrihans, nr. 27, 7. juli 1893.