Kjeldearkiv:1894-07-28 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1894-07-28 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 28.7.1894
Stad: Minneapolis
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 104
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

1407 – 8th Str. S. Minneapolis

Minn 28/7-94.

Kjære Ivar.

Dette skulde altso vera ei skarve Helsing fraa desse tvo Dølakrabatom, som ligg og braana mest upp burti dette velsigna Amerika. Du maa ikkje vente Brev, forstaar du, for i ein Heta av 96º Klokka 12 um Natte, gjere ein ikkje Brev, og rimelige Folk vil ikkje krevja det held. – Han Kunstnaren[1] sit her nakje og sveittar og skal bedrive Kunst og han gamle Pontifex ligg på Sofaen enda meir nakje og latar seg so Sveitten skyler av han. Det er no denne Chicagodoktoren[2] som ligg saa tungt paa Hjarta hans au maata.

“Det gaar i Lorten med heile Konsta” segjer Maalaren. “la os held setja os ned og gjera ei god Gjerning: skriva til han Ivar. Kan vera me greier det, naar me er baae tvo.” Men Pontifex er tom i Hausen som vanleg, ja verre held vanleg. Men so lovar han Ola aa “daktere” og so veit du, at Pontifex altid kan skriva det ned. Me eig ikkje sopas Grejer i Huset, at me kan skriva med Blek, men det er væl meint kusser. Han Gamlen ha no held trongje bøtt Broka si i Kveld, men det er nok ikkje Botvon, som han skulde sjaa bære etter. Det er Hol i Hol og Hol imillom Holom att.

Dette Amerika det – – Neiggu um me vil spraaka um Amerika i Kveld. Me vonar, du stullar uppe i Bønneslin um Dagen og et Flatningsfisk og skriv Krøniker. Ja kunde me so sandt naa upp til deg i Morgo, so vilde Pontifex med Gleda ofra den fillute Broka si og han Ola gav gjenne burt Skjurta si enda han har ei god Skjurte, han Ola.

den 31te

Det ser ut til, det hjelp ikkje um ein er tvo held. Det gjekke i Staa førre Kvelden, me freista, desformedelst at Coxey alias Pontifex allias Mjøltraavaren[3] somna paa Sofaen, og Olivarius gløymde kva det var, me egentleg skulde skriva um. Punktum. Du ha høyrt gjete det høge Vasstaarne hans Ola ute i Parken? Ja me lyt dituppa tvoeine midt paa Natti og draga Være sume Gongo, og so lukta det ikkje Amerika deruppa – naar det er myrkt da, veit du. Det ber gjennast heim til «Norvæ» [?] straks. Han Ola er reint i ville Være over alle dei Ungdomslagi, som det staar i Blaom um, og han held lange Foredrag um, at det er “de unges Forbund” som skal berga Gbr.dalen au. Men det er no klaart, at det blir ikkje retteleg Skik paa det før me tvo kjem heim att. [...] No har han Ola gaat her midt i den amerikanske Damplurvelæven i heile 9 Aar og Gud hjelpe min Skrott, blir han ikkje yngre og yngre Dag for dag, mea Coxey, som kjem beint fraa alverdsens Høgskular derheime eldest og eldest og er liksom Bedstefar i Lage, kor han kjem. Og han Ola trur baade paa det Gode og det Vakre og dei Unge og alt som er, mea Coxey sit og rykkjer paa Nasen aat heile Skjiten, liksom gamle Friele i Vollgata. Er det til aa forstaa slikt? – Argo ja. – Den skal no liksom vera ein “Frelsens Kvist” den Argo. Her ein Dag “fyllde han Ola Aare”. Eg trur han var 30 Aar, men han kunde liksosnart vera 20[4] [...]. Jau meinar du ikkje, at han var inne i By’n etter ein Kagge “Beer” og heldt rigtigt Storkalas umbord i Argo? Ja me var berre 4 Sjæle alt i alt: Ein Jankeemaalar her frå Minneapolis, ein svensk Bilthoggar[5] og so me tvo Dølegutar, men Herregud likevæl, – – so mykje Moro ha dei knapt i det gamle Argo. Han var jamvel paa Veg til aa yngjast upp at Mjøltr. tehelst, ja det gjekk so vidt, at han song “Sæterjæntens Søndag”[6] so dei kunde vel mest høyra han aat St. Paul. Det verste var at Prate laut gaa paa Engellandsk, for Harwood si skuld, og Mjøltr. er ikkje stiv i Engellandsk. Da han skulde halde ei Tale for Jotunheimen, kom han ikkje langt, før han laut bea Svensken högaktningsfullt um å öfversätta honom. – Ja det var mykje Moro den Kvelden. Her er nok av Kveldar, det ikkje er Moro. Mjøltr. gaar kjedeger me 700 Amerikabrev, som det var Meiningje skulde blenkje som Eldingar, men han har so tungt for aa føa. Og naar det hendar i Ny og Næ, at han fær pint av seg ei Strofe, so er det med arme Nøn det ryk av ho. Mjøltr. finn i det heile Live og Lagnan paalag som Undbroka si: Det er Hol i Hol og Hol imillom Holom att – ingor Botvon. Men so til all Guds Lykke so er han Ola ved Haandi att, og han trur paa Ungdommen.

Aandemaneri, Seljord, Kjærleik, Gamalost, Solnedgang, Kuraut, Frelsens Hær. Amen!

1407 – South 8th Str. Minneapolis

Minn. Mjøltraavar

Olivarius

Eg senda i si Ti eit skarve Brev um William T. Stead til Dagbladet. Eg fær ikkje Dagbl, so eg veit kor det baskar. Har du set um det kom ind? Og tru det kom ind før held etter Doktorbrevet aat Daa.

Skriv. Helsing

Kr. Pr.

Fotnoter

  1. Ola Stokstad.
  2. Anders Daae (Doe).
  3. Prestgard agerte eller vart kalla mjøltråvar (omstreifar, fattigmann) i samvær med Iver Kleiven ein gong, truleg i 1890.
  4. Ola Stokstad vart fødd 24. juli 1865 og fylte 29 år denne sommaren.
  5. Knut Åkerberg.
  6. Dikt (1850) av Jørgen Moe med melodi av Ole Bull.