Kjeldearkiv:1897-03-28 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1897-03-28 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 28.3.1897
Stad: Minneapolis
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 114
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Røda Rummet Søndag 28de Marts [1897]

221 Cedar Ave.

Minneapolis

Kjære Ivar!

Takk for Brevet – som kom tilsidst. Det er no alt ei Vika, sia eg fekk det, men straks etter naadde Døarordet hans Ola Stokkestad hit over, og sia har eg mest som ikkje vore i Humør korkje til aa skrivi eller noko anna. Det vart liksom so audt og haustlegt umkring meg, da det Bodet kom, totte eg. For det er noko so saart, tragisk ved heile Lagnaden hans Ola. Liggja her i Amerika i heile 12 lange Aar og slita og kava for aa “naa fram til noko” – 12 Aars Lengting mot Noreg og Hejmen, og so tilsidst koma Sjaardalen paa ei Dagsrejse nær – koma so vidt tidsnok til aa faa dø paa norsk Grunn.[1] – Han høvde ille for Amerika han Ola; ein Mann som kan leva midt i denne tjukke Humbugen og Matst[r]æveriet i samfulde 12 Aar og enda veksa seg sterkare i Trui paa Idealer og Draumar for kvart Aar som gaar, han kan ikkje leva lengje. Og han er for god til det au. Han høvde idetheile ille i denne Verdi, var, som so mange av os andre, kome paa “en fejl Klode”[2].

Det sidste Aaret, daa han budde som Eremit i New York, var fælt, og eg er lej over, at han ikkje rejste radt heim i Fjorvaar ista’n for aa gjeva seg til i New York. Ja det kunde skrivas mykje um dette her. Men la meg likso godt koma til Ærinde mit straks:

Nokre av os, hans næraste Vener her i Minneapolis, ha sett os for aa skjota ihop lite kvar for aa kunna reisa ein Bautastein paa Gravi hans paa Kjørkjegaren paa Vaage. Me tenkte aa faa Tak i ein høg, vakker Stein anten av Klæbber eller Granit, simpel men smakfull og med ei stutt og simpel Innskrift som f. Eks. “Venner i Minneapolis rejste ham denne Bauta i taknemlig Erindring”, held noko i den Stil, kanskje helst paa Vaagemaal. No har me ikkje so fælt mykje aa rutte med, veit du, for alle er vi Fattigfolk – han Ola kjende ikkje andre – men me har tænkt, at ein maatte kunne faa ein stor og vakker Stein for ein 50–60 held 70 Kroner. Og so mykje kan me faa samla. – Og paa desse Folks Vegne skulde eg bea deg um aa greje dette for os. Eg veit, at du forstaar deg bedst paa desse Ting, og kunde du sjøl finna ut ein Stein og sjøl arbeja han, saa var det bedst, held ogso ha Tilsyn med, at det blir ordentlig gjort. Me gjev deg fuld Friheit til aa velja det Steinslag, du sjøl vil og arbeja han ut slik, som du sjøl meinar høver bedst. La han bli saa stor og høg og vakker som moglegt for dei Pengar me har aa fara med – lat me segja 60 Kroner –, men gjer ikkje meir av det, end at du fær deg godt betalt for Arbejdet. Det maa vel kunna finnast eit held anna vakkert Steinslag der burti Ottdalsbergom einkvar Stad? Det skal altso ikkje vera nokon vanleg “Gravsten” med Polering og Kruseduller og Grejer, men ein, som ein kan sjaa paa lang Lei maa vera ein Bauta. – Men fyrst maa me bea Folket hans um Lov til aa rejsa Stejnen – hellest kan eg ikkje tenkja meg, at dei har noko imot det. Eg skriv til Paal, Bror hans, i Dag held i Morgo og set han inn i Saki, og for aa spara Tid var det bedst, at døkk tvo samraar um desse Ting, anten munntleg held skriftleg. Dersom Stokstad-folket[3] gjev Lov, so kan du altso straks til aa sjaa deg ut ein Stejn og arbeja paa han, og Pengane skal bli sendt. Det skulde vore gjildt aa faat Steinen rejst [til] den 17de Maj, men dersom det trengst nokor Brevveksling um desse Ting millom os tvo, so blir det vel for knap Tid. Men ialfald maa Stejnen kunna bli ferdig til Fødselsdagen hans Ola[4] ut paa Sumaren ein Gong (Datoen fær du vita av Folket hans). Likso skulde me sett stor Pris paa, um du kunde faat med deg eit Ungdomslag og halde ein Slags liten simpel Minnefest held “Afsløringsfest”, naar Steinen er rejst. Eg skulde gjenne senda ei liti Preike for Anledningen. Men det fær no gaa, som det kan, veit du. No ha eg heile Tidi gaat ut fraa, at du baade vil og har Tid til aa ta paa deg dette Arbejde. Men skulde det treffa sig so ille, at du ikkje kan, so fær du gjera væl aa faa ein annan paalitande Mann til aa ta det paa seg og setja han godt inn i “Situasjonen”. Men me vilde helst faa deg til, veit du. Um Innskrifti skal eg gjeva Besked, sosnart eg ha snakka med dei andre her i Byen. – Eg skreiv i Dag til Bilthoggar Åkerberg i New York um ein “Portræt-Medallion” af Ola – ein av Marmor til aa fella inn i Bautasteinen, men kanskje det blir altfor dyrt for os, og kanskje Marmor-Medallion og Bauta ikkje høver ihop heller. Eg fær høyra kva han segjer og skal da gje deg Besked.

Som sagt: det skulde vera gjildt um du kunde greia dette her for os. Og so skriv du vel paa Timen, so eg fær høyra, kva du meinar um Tingen, kva Steinslag, Skapnad og Storleik o. s. v. du meinar høver bedst. Likso kor det har seg med Prisen. Kan me ikkje faa ein skikkelig Stein for 60 Kr., fær me freiste aa skrapa ihop meir.

Det er ikkje frit anna enn eg synes det er litt Ironi i dette her: me som hadde so lite Raad til aa stydja han Ola, me’a han livde og trengde Hjelp, me har Raad til aa kosta han Gravstein. Men hellest likar eg Tanken godt au. Det er den vakraste Maaten, me kan hedra Minne hans paa. Altso gjer kva du kan.

Svar paa Brevet dit skal straks koma etter.

Helsing til alle paa Kleiven fra[a]

Kristian

Kor lang Tid trur du det kan ta med denne Steinen?

Fotnoter

  1. Ola Stokstad døydde på Rikshospitalet i Kristiania 7. mars 1897.
  2. Frå diktet "Jeg ser" i samlinga Digte (1893) av Sigbjørn Obstfelder.
  3. Foreldra var Knut og Mari Stokstad.
  4. Han var fødd 24. juli 1865.