Kjeldearkiv:1897-04-15 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1897-04-15 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 15.4.1897
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 115
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Skirtorsdag 15de april 1897.

Kjære Kristian!

Ja det var ein sorgtung lagnad han Ola Stokstad hadde og ei sorgtung tiend var det for hans vener her i bygdi da telegrafen kom med bod um, at han var gjengi burt. Og paa meg, som dei fleste andre, kom det heilt uventande, me hadde høyrt, at han var sjuk ei tid ifjor, men at det var døen trudde me ikkje. Det synte seg ved likferdi hans,[1] at mange hadde vørnad for minnet hans Ola, enda han no var ukjennd for dei fleste og kanhende mest ingen forstod han. Kista var gjøymt aa kalle av kransar baade fraa inna- og uttabygdes, og ved jordfestingi var det stappfullt av folk paa kjørkjegarden, baade høg og laag. Ola fekk kvila ved sida av syster si[2] – ho som han vist heldt mest av ’ta alle syskynom sine og som au likna honom mest i den ljose, aldri sviktande tru paa idealer og paa “kjærlighedens gjenskabermagt”[3] paa alle livsens vidder. Og so var dei fulla, som dei seier um han Ola, forgode for denne verdi baade tvo – reint formykje “idealt anlagte”. Eg kjende so lite han Ola, men eg hadde mestsom eit sterkt hugsviv um, at han ikkje just var ein konstnargjevnad av “Guds naade”, men at han arbeidde, stræva og livde paa ein draum – kanhende eg tek imist, for eg har ingor greie paa kunst – eit maleri av Kristus i Getsemane som eg saag paa Stokstad no nyleg, saag ut til, for mine augo, aa vera eit bra arbeid – so, at um det var berre ein draum han hadde tøfta paa, maatte den ha vore klaar og levande, elles hadde han ikkje rokkje so-vidt fram. Ja dei har ofte noko aa benndast med desse konstnarane, au. Kristen Holbø slit og masar alt han orkar for aa naa fram – “slaa igjennem” – og den rike fa’ren[4] stritar imot av alle krefter – for idealet aat fa’ren det svarar han Kristen so reint for-ille til: ein umm-seg fekar med ei god samvittugheit som gav høveleg tøygen – soleis som hans eigi gjorde “dan tidi han gjekk her i bygdi og handla naut”.[5] Eg har sêtt paa alle arbeidi hans Kristen og tykt, at det er saare godt altsamen etter mine skyn – no hadde han uthengt fyrste gongen paa “vaarutstillingen”, korleis det gjekk. For honom var det altid eit livsspørsmaal kva kritikken sa, men eg har enno ikkje sêtt eller høyrt nemnt noko av stykkjom hans! Og bilæti hans aat Storms dølavisor dei ventar enno paa forleggjar – for “lokale” saker, maa’ta so forleggjarane vaagar ikkje paa med dei dyre “reproduktioner”, og sjøl saknar han midler enno til aa gjeva dei ut paa eigi forlag. Soleis fær me venerne hans ikkje raad med aa veta, kva den almektuge kritiken vil gjera ved det, antel Kristen Holbø er konstnar eller han berre vil vera det.

Det fell av seg sjøl, at eg meir en gjenne beinkar til alt eg kan med aa faa reisa ein bautastein paa gravi hans Ola Stokstad. Med arbeidet sjøl kan eg ikkje gjera meir en aa freiste finne sjølve steinen. Klebberen er vist ubrukeleg, for han kan ikkje brjotast i slike lange blokkjer og so er han veik au; norpaa Bjørgen finst det eit hardt, fint blaagrønt steinslag som kan brjotast i 9–10 alens lange, vakre blokkjer. Steinen er fin og vakker og eg trur den vilde høve svært godt; elles kan det gjenne hende, at det finnst lange, sjølgjorde steiner som vilde høve til bauta her sør- og burtfor Kleivi au, men steinen her er ikkje so fin. Verste kaste vil verta aa faa hoggje skrifti godt, dersom ikkje Anders Skogum greier det, veit eg ikkje nokon her i bygdi som kan gjera det; men naar han fekk ei føreskrivt hjaa G. Tollefstuen (skiltmaalar fraa Amerika og av kjenningom hans Ola) so trur eg han skilde seg væl fraa det. Eg skal freiste aa finne ut steinen med det fyrste – eg trur ikkje Stokstadfolket har noko imot dette – men aa faa det skipa til den 17de mai vil vist ikkje lata seg gjera, eg trur mest det vert forr kort tid, men eg skal no gjera det eg kan for aa faa bautaen ferdig og reist snøggast som raad er. Kostnaden kan vist ikkje verta over kr. 60, det vert kjøring av steinen til Vaagaa, innhogging av innskrifti og noko arbeid med ”fundament” og reisingi, ein skulde tru døkk kom langt med kr. 40,00 og, men med 60 er døkk no trygge.

Skal det vera som ein liten fest eller ei høgtid ved avsløringi vilde det høve best for Ola Kringom aa halde ei minnetale, han som kjende han Ola fraa umgang med honom i Amerika i lenger tid og kjende hans livssaga, hans arbeid, hans hugmaal og voner. Eg er no so lite upplagd til slike ting og ungdomslaget vort held nok paa aa gaar i hundane so det fekk eg knapt med til høgtidi. Dette fær du no gjera ei greie med seinar – eg skal som sagt syte for aa faa bautaen istand og reist so fort det let seg gjera.

Ola Kringom har vore paa Sell ei tid og halde eit par foredrag dernere; eg har enno ikkje raaka ’n, for eg har ikkje havt tider til aa kome so langt. Just no er han i Trøndelagen, men kjem nok att med kjeringi med det fyrste og vil slaa seg ned der, ei tid, iminste. Eg har ikkje høyrt noko vidare um korleis Sellværingane tykte um han Ola – um det er med honom som med alle andre profetar, at dei er vannvørde i sit eigi fedreland. Dei er ikkje gode aa kljaa seg attaat Sellværingane no – er det ikkje ein, som kan tala “som den der har myndighed”[6] og med ei “personlighed” som Bjørnstjerne Bjørnson, so vert det trast smaatt for dei – dei er høgt uppi stigen komi, ser du, for dei har dansarskule dernere ved Otta, no. Ish! Slikt abekatteri og slikt ilendugt blæreri har eg gud hjelpe meg aldri venta aa faatt sett for augom og høyrt for øyrom som det ungdomen paa Sell driv med! Ein kunde spy som ein hund! Kjem det ikkje snart eit bakslag so lyt me sjaa aat faa attest for, at Sellværingane er lausungar etter taterar og Sakserar fraa Gyldenløves tid – Vaagaaverer skal dei pinedø ikkje faa lov aa vera. Og eg veit ikkje korleis Ola Kringen ser paa desse aspekter – eg har det som paa kjensla, at han ikkje heilt skjynar det nasjonale; undrast paa um han ikkje er noko kosmopolitisk i sit livssyn med isprengd nasjonal-romantik, naturidealisme fraa Velhaven? Legg no merkje til, at eg ikkje har tala eit einaste ord med mannen, og lause inntryk fraa smaae avisstubbar er tunne aa lita paa. Men – vil ikkje Ola Kringen byggje paa bondekulturens grunnvoll heilt ut, so har me ikkje bruk for skulen, han har tenkt paa, og den vil hellerikkje gaa.

Her gaar underlege rygter – ikkje um krig og slikt som tyder paa verdsens siste tider, men um at du skal gifte deg med ei gullhøne du har funne i Amerika[7] – um ho er av norsk, dansk eller amerikansk slag, har eg ikkje høyrt. I førre veka var du alt komen aat Kristiania, lyddest det, so vi skulde ha deg til Paaske! Vil du “dementere” desse rygter eller har du stokkje noko under stolen, som ein annan skjelm, med den gullhøna, da? “Det er vaar i Norge” no med April og rabalder, førfelle, vaarbløyta og lort so ein gaar nedi uppunder øyro – kvinnfolki er halvt i graaten for all ureinska me dreg med oss og for desse stygge gutungom som reider seg so skrøpelegt til med skinnballslaatten og alt det andre umuglege dei hittar paa. Og so gaar folk haase, har krim og fær “lungebetændelse” i den turre, skarpe vaarlufti – iførrdags, somardagen (siste luten er skreve den 16de!) og igjaar rann bekkjerne so tett norigjenom Kleivane, at det var ikkje anna aa gjera, en bite ihop tenn og vaa seg fram. Inatt har det “stølna paa”, det er kaldare nekk i være og soli har ikkje so god ly.

Noko nytt kan eg ikkje fortelja, vi liver og er friske alle her i huset, eg er gjill kar att au no etter gulsotti fyrst paa vintren. Med skriving har det gaatt skit ivinter; no er det mestsom eg “tek til aa tenkja paa” aa reise paa hugude og sjaa umkring meg i sengjehalmen. For eg skreiv aat R. Flo her um dagen og forlydde etter, um mine “Drag av skulesoga i Gudbrandsdalen” kunde høva for “Syn og segn” og um “Gudbrandsdølen” kunde faa ho, au, etter S. og s. Filseth vilde so endeleg faa ho til kjellarmat, maa’ta. Ja ho skulde kanhende ikkje verta so reint gale heller, eg har mangt forvitnelegt um meir en ein gamal skulmestarselle.

Svære ting kor maalsaki gjerer framsteg no paa alle leider! – alle arbeider av innaste hug og dug og so ljost har det aldrig sêtt ut for maalarbeidet her i landet. Berre vi dølerne sit og ser paa, sveivar tomarsfingrane um ein annan i fanget, gjeispar og undrast paa korleis dette kjem til aa gaa. Aasmundstaden lel, har endeleg bore til aa synt seg, fyrste delen av Njaala er komi og ho var gjild – eit gasta tak det! Eg fekk brev fraa honom nyleg og Langskjeggen undrast svært paa den skulen paa Sell, som hev vore nemnt um – han gav seg vist gjenne med, han au.

Nei, er eg ikkje alt mesta ned den fjorde sida – kor snart det gaar au, lel! Jamen fær du ha so mange takk for no att, liva væl og vera helsa fraa oss alle her i huset!

Din Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. 20. mars.
  2. Anne Stokstad, død 8. juni 1893.
  3. Frå diktet «Elsk din næste» i forteljinga En glad Gut (1859–60) av Bjørnstjerne Bjørnson. Opptrykt i Digte og Sange (1870).
  4. Johannes Flikke, innflyttar frå Luster.
  5. Etter ein fehandlar frå Luster, liknande i I Heimegrendi, s. 17.
  6. Matt. 7,29.
  7. Oline Musum, f. 1873 i Flatanger i Nord-Trøndelag. Faren var lærar og klokkar, og familien flytta til Fet i Akershus i 1885. Oline reiste til Amerika (Minneapolis) i mai 1893, ein månad før Prestgard. I Amerika kalla ho seg Orlaug, men det er uvisst når og kvifor ho skifta namn.