Kjeldearkiv:1898-02-17 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1898-02-17 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 17.2.1898
Stad: La Crosse
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 119
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

La Crosse, Wis., 17de Febr. 1898.

Kjære Ivar!

Eg trudde mest ikkje mine eigne Augo, daa Postmannen her ein Dagen slengde den store “Konvolutten” med Lalmstempelen paa inn gjenom Døri til mig. For eg ha lengje tenkt som so, at dykk ha rotta dykk ihop allesaman derheime um ikkje aa senda eit einaste gudsens Ord meir. Eg ha ikkje Raad til aa brjota Brevet straks, men gjøymde det, til eg kom heim um Kvelden, so eg kunde faa njota det tilgagns. For eit Dølabrev, og daa helst fraa deg, er no liksom ei stor Hending i dette Eremitlivet mit her, veit du.

Du borde ikkje ha prata so mykje um Bønneslia, dersom du da ikkje endeleg vilde leggja deg ut um aa gjera meg heimsjuk. Men no, sia Brevet dit kom, ha [eg] ikkje tenkt paa anna enn Bønneslia, og korleis eg skal faa kravla meg dit. Og naar eg fyrst kjem baskande, so blir du neiggu ikkje kvitt meg att den fyrste Maana’n. Hellest er det nok kanskje fult for, at Bønneslia no blir so civilisera, at eg maa lenger, naar eg fyrst kjem ut – kav inn i ville Øydemarkje der det aldri er eit Mannamaal aa høyra. Eg kjenner, at Friluftslivet og Villmannslivet fra gamle Dagar dreg meir og meir, som eg gaar her i dette Byvaset med Styr og Staak og Damp og Elektricitet og “Business” og Djævelskap rundt ikring – her Folket er Kloderne [Klæderne?], og alle Vegjer gaar i beine Linor held rette Vinklar. Det kjem over meg midt paa Gata sume Tider, so eg knapt kan styra meg anna enn aa gje’ den næraste “Lady” eit Spark midt i “Fui” – Det var alt dette, som gjorde, at eg tenkte sopas paa den Alaskaferdi. Men du veit, at Bønneslia og Jotunheimen er berre for Null og Nix aa rekne imot Alaska, naar det berre gjeld Friluftsliv. (Dette her meinte eg akkurat umvendt, men eg kan ikkje klyppa det ut, for da fylgjer “ømt elskede Søn ogso med.”)

– Nei, eg maa nok tinge “Syn og Segn” likevæl no, so eg fær Tak i Skulesoga di og “Njaala” hans Olav. Eg er reint forutan “Maalblad” no. “Den 17de” ha eg halde, fraa den byrja koma ut, men ved Nyaarsleite gløymde eg aa senda Betaling, so no har den vore burte over ein Maana. Det er æveleg Synd og Skam aa vera so reint utanfor al Folkeskik. Og “Kringum Aaren” – ja der har du morske Ting til Vyrkje, og det skal eg vaage blir Saker som dreg; eg stundar etter aa faa sjaa det.

Cammermeyer ha vore snild Gut og senda meg mykje af Bøkom sine til Meldings dei siste Par Aari, men du veit det er smaat med Maalliteratur hjaa han. Vislie er den einaste.[1] Hellest har det slongje til, so eg ha faatt lese det meste og beste af Maalbøkerne og. – Mea eg prata um Maal og slikt likevæl: I Gaarkveld las eg eit Par Vossastubbar i ein Fest som “Normanna Sanger Kor” hadde. Eg trur ikkje det fanns ei Sjæl i heile Huset, som skyna det alt, men Folk log godt likevæl, vist mest fordi dei trudde, det skulde vera morosamt. –

So var det um Steinen da. Jau klem paa med ein Kleberbauta, som du nemner. Men daa fær du ikkje gjera meir av det, held det blir lite tilovers til deg sjøl au for Arbeie og Brye. Hellest var det no ikkje stort aa byta paa. Bilthoggar Åkerberg har lova aa laga ein “Portrætmedaljon” av han Ola og støypa i Bronce, men Gud veit, naar det blir. Men det er vel Plads nok til aa fella han inn i Steinen, um det skulde bli noko av med Medaljonen. Den kunde vel fellast inn paalag som paa Ole Vig Steinen i Xania?

Ja no fær du ikkje drygja eit heilt Aar, før du “griber Pennen” att.

Helsing aat deg og alle paa Kleiven fra[a]

Kristian

Fotnoter

  1. I 1897 gav Vislie ut bøkene Solvending og Forteljingar på Alb. Cammermeyers Forlag.