Kjeldearkiv:1912-12-10 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1912-12-10 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 10.12.1912
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 154
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter 10/12 1912.

Kjære Kristian!

Som du ser har eg ragla ihop eit dølabrev att – eg senda eitt isomar eingong som du truleg ikkje kunde bruke og dette er enno verre – ergo lyt det ende i papirkorga. Nei eg er ikkje saaleis vaksen, at eg kan skrive dølabrev og da tenkjer eg “Decorahp.” er best tent med, at Norddølen legg pennen ned for godt. Men da eg no korsomvar vilde sende ei julehelsing, var det ikkje meir paa-kosta og leggje dølabreve attved.

Eg er nettup attkome fraa byen fraa ei snarferd inn til riksarkive og nokre andre utretningor; og derinne var det maateleg lugumt aa vera for ein “fjeldets søn”: skodde saa stinn, at staven kunde staa i henne, regn, lort og røyk! Det var som aa koma aat Paradis aa naa hit uppi fjelle att, hjelp ikkje her har vore fleire dugelege uverskulor upp i haug, og no er det nokk aa gjera av, for snøen ligg 1 aln djup. Men takke meg uvêre her um det er aldrig saa surt, det er da natur i di, her, og er tilgjevande lel; naar uvêre bli sivilisert og kultivert attpaa, da fyrst dreg det heilt aat gjeitmorka.

Julflomen losna just dei 10–12 dagane eg var i byen og Nils Kjær, Carl Nærup og alle desse andre sat trøylause med pjolterglas og blekhorn og skrytte i alnevis; men enno har eg ikkje lese ei einaste ei av alle desse framifraa julebøkom. Eg skulde havt hug til aa lese Arvesens “Livserindringer”, Y. Nilsens bok[1] og nokre andre “memoirer”, men dei norske bøkerne bli saa dyre, at ein fattig [...] har ikkje raad til aa kjøpe dei lenger. Jau, no tek eg til aa tru paa, at verda vil koma til aa forgaa av papir og eg ser enden saa klaart for augom –: “ødelæggelsens vederstyggelighed”[2] vil faa upphave sitt i Oslo og Gyldendal og Aschehoug er mordarenglane. Dei vil ta demma fraa og julflomen vil øydeleggje “den ganske synlige verden med alt hvad paa den findes av levende væsener”. Det er huglege hendingor vi har i ventom, men du kan trøste deg med, at det likevel vil hengje ihop til 1914 er over.

Ja den forargelege julflomen som det ikkje kan vera raad aa gjera brigde med – alt skal ut til jul saanær som skulebøker.

Ei tid ihaust tenkte eg for min eigjen ringe part og vorte med i juleofsen (var ikkje det eit grepa namn?) med eit nytt band av “Heimegrendi”, “Grendsfolk” skulde ho vore kalla; men saa rokk eg ikkje aa faa manuskripte ferdigt; no tenkjer eg aa freiste gjera ho fraa meg fyrst paa det nye aare. Tanken var fraa fyrst av aa faa ein konstnar til aa teikne bilæte til boka, men da vil ho bli saa mykje dyrare, saa eg veit ikkje kva eg skal gjera med det. Det var Kr. Holbø eg tenkte paa, for det skulde just vera noko for honom, enda eg ber til aa tvile um, at han er saa dugande teiknar som maalar.

Det var sant, naar eg nemner Holbø, hugsar eg, at han i haust gat um, at han hadde havt hug til aa ha ei utstilling i Amerika, men han hadde ingen kjenning derburte som kunde vera til rettleiding og sjøl var han heilt ukjennd med amerikanske forhold. Trur du ei slik utstilling vilde “slaa an” der burte og veit du nokon millom dei, du kjenner, som kunde ha tid og vilje til aa ta seg av og fyribu eit slikt tiltak?

Holbø er ein greid, beinskore døl all upp og ein dugande maalar; ihaust laag han her uppe hjaa meg i vel 3 vikur og maala; det var i mengdevis av motiv han lika godt rundt umkring og han fekk ferdige mange arbeid som etter mine skjøn var egte, god konst.

I vore huslyd er det som det plegar; mor er framleies frisk og regar uppe, men det er lite og inkje ho ser lenger; ho var 88 den 1ste September i haust og noko maa vante naar aldren bli saa stor. Paal driv snikra og skjer gamal døleskurd og har arbeid, det han vinnst – eg skal aat Lesja og Dovre att i Januar, lenger frampaa vaaren til byen.

Du maa helse professor Svanø saa mykje og seja honom takk for det framifraa hugnadsame breve, han senda meg ihaust; han skal faa brev att, men eg har liksom ikkje vunnest enno. – Det ser ut til, at dei likar “I Heimegrendi” dei norske i Amerika, her bryr folk seg svært lite um ho, for ho gaar ikkje noko i bokhandelen, enda ho lande rundt fekk i haugevis av framifraa gode mellingor. Kanhende ho vart formykje kjytt av.

Med hjartelege helsingor fraa os alle og dei beste ynskje um ei god julehelg og eit godt nyttaar aat deg og alle dine!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Under Oscar II’s Regjering. Oplevelser og Optegnelser 1872–1884 (1912).
  2. Matt. 24,15 og Mark. 13,14 med tilvising til profeten Daniel. Uttrykket gjeld kong Antiokus 4. Epifanes’ vanhelging av tempelet i Jerusalem i år 167 f.Kr. Han forbaud jødisk kult, vigde tempelet til Zevs og sette eit Zevs-altar på brennofferaltaret. Zevs-altaret var sjølve styggedommen.