Kjeldearkiv:1927-05-08 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1927-05-08 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 8.5.1927
Stad: Decorah
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 164
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Decorah, Iowa 8de Mai 27

Kjære Ivar!

Ja, du har vel aldri venta aa høyre fraa meg meir no – og det skal eg ikkje fortenkje deg i. Men no kan du hengje paa Fiskegryta, Ivar, for no kjem eg snart ruslande uppi Bønneslia aat deg. Skal ikkje det bli Fagnafundr mikil?

Eg kjem til aa gjera ei Noregsferd saman med ei Tylvt amerikanske Bladfolk utpaa Sumaren eingong, men vil freiste aa faa laga det slik, at eg kan reisa ein maana fyreaat, so eg kan faa vera i Heidale ei tri Vikors Tid før dei kjem etter. Kan eg faa det til aa flaske seg, vil eg vera i Heidale Sankthansdag umlag, og daa veit du ikkje Ordet taa før eg dett med Døra inn i Stugo di. Men det blir nok berre ein “fransk Visit”, Gubære.

Har dette nogen Lighed med noget Slags Maal? Det vil bli vidunderlig at komme hjem, men sandelig, jeg gruer for dette med Maalet.

Og saa vel mødt ved Sanktehans.

Hjertelig Hilsen

Kristian