Kjeldearkiv:1927-07-29 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1927-07-29 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 29.7.1927
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 165
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætra 29/7. 27.

Kjære Kristian!

Alle slag takk for sist! de vart altfor stutte stunder te å kunna leva upp att såmykje frå “forna dar”, at de mona stort, men de var likevæl tvo så gjæve og huglege møter, at eg skal leva i årvis på deim. Og de som for meg er solglansen over desse snøgge stundene er de, at du etter 36 år framleies er den Kristian Prestgard, som du var da vi i 1885 budde på Midtbøen. Gjennom all strid, slit og kav og stadig utvikling under ein framand kultur, har du heilt ut berga deg sjøl frå å flote ut – ja du har ått god balast i båten. Å “bevare det barnlige skjær til det siste”[1] er de berre eit lite fåtal som orkar her i verd’n, umlag alle mine jamaldringar og kjenningar i bygda er sige ihop te filistrar, rørbyttor, patentmaterialistar, sure interesselause materialistar, kjemisk utbrende for humor. De kjennest så stusleg og tomt umkring dei når vi ein gong imillom råkast, og da tykkjer dei nok eg er ein lettsindig tosk som aldrig på denne jord bli vaksen kar. Nogon verkeleg ven og meiningsbror kan eg knapt segja eg eig i heile bygda, du er den einaste eg hugheilt forutta atterhald kan kalle ven, og såleis har de vore i alle desse 36 år. Med dé veit du au, kå dei tvo møte våre her og på Kruke var for meg!

No er du vel komen attende åt hugustaden frå ei gjild og ugløymande ferd åt Nordkap i godvær og midnattssol, men eg kan nok tenkje meg, at ferda ga lite av kvild og at de vilde vore anna slag um du hadde havt høve te å ligje ved Mæringsdalsvatne – ja, let oss vonast, at de kjem te å felle seg betre med di neste gong du kjem over blåmyra (um 3 – tri – år!). Eg ventar at “Aftenposten” kjem med eit interview med ein eller annan av døkk, så vi kan få vera med å glede oss over allt de gjilde døkk fekk sjå på ferda.

Eg, min arme landkrabbe, har au vore på Nordkapferd så langt som åt – Vågåmo: eg hadde ein gamal 82 åring eg endeleg skulde pumpe lens, for eg kjende te, at han i mange år tente hos Blakkvæll på Klones, var ilag med Jo Gjende ja med sjølve Vinje som han enda hadde fått ein sang hos, ein sang eg ikje har sêt prenta. Den gamle mannen var ei god kjelde og eg tykte eg hadde rett for reisa – ferda noretter fjelle var au fin for være var upphelds med solskin.

Være har vore så av-og-te dei siste 2 vikene: mykje regn og dagar med streng øl imillom; årvegen står vakkert både med åker og eng men folk ottast for hausten etterdi de lid langt på åre.

Igjår for eg over “Mortensens kaos” og leita etter gamle Amerikabrev – jau eg har nok 10–12 frå tida millom 1869–81 som skal vera å få når de trengst. Dei er frå ein lærar vi hadde i Ottdalen og Lalm frå 1865–69[2] og eg tenkjer meg, at de er eitt og anna i dei som kan ha verd. Elles skal eg freiste um eg kan grava fram fleire her i bygda og utetter dalen.

Men eg vil ikje plåge deg med å lesa eit langt dølabrev denne gongen, eg tenkjer du har anna å gjera, de er vel i eit jag millom Herodes og Pilatus, millom Annas og Kaifas med fester og utflukter sålangt tida rekk. Ser du deg råd med eit brevkort i ein ledig time, er eg hjarteleg takksam for de.

Hjarteleg helsing frå meg og Pål og Bøneslia og beste ynskje um, at vitjinga i heimlande all upp må bli deg til største hugnad, glede og gagn så ho kan draga deg hit att i 1930!

Din gamle

Ivar.

Fotnoter

  1. Frå diktet "Byens Kirkegaard" i samlinga Digte (1839) av Johan Sebastian Welhaven. Originalen har redde i staden for bevare.
  2. Andreas Hjerpeland. Breva er til Kleiven sjølv.