Kjeldearkiv:1928-11-09 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1928-11-09 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 9.11.1928
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 172
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætra 9/11 1928

Kjære Kristian!

Inderleg takk for det gjilde breve ditt som hadde så mykje godt og hugleg å melle um! Og nå krek tida så langt framover, at skal eg nå deg med eitt skarve brev føre jul lyt eg brote ihop noko idag, for tida går som ein røyk og julhelga kjem førr vi veit orde tå.

Men fyrst lyt eg takke av mitt innaste hjarta for alle dei huglege stunder Decoraposten har gjeve meg med “En sommer i Norge”! Eit heilt år på det næraste har Posten te kvar viku bore ein hugleg kveld i huse, ja det vil seja 3 kveldar, for vi har godgjort oss med Posten kvar sin kveld vi tri her i huse, men du veit eg, som er rudkall og ættehovding, har teke hugnastunda fyrst. Vi er elles ikje mindre hell 7 sjæler her i Bøneslien som i somar livde høgt på Norigssomaren: fyrst oss tri nemnde, så den yngste broren vår[1] som var mykje her beste somartida i slåtten, ei brordotter[2] hadde Decorahp. i hendom kvar ledig stund ho hadde eit fjortandågå ho var her. Sia var det sagmesteren ved Flokka[3] som låg las kvar kveld langt utetter enda han var dugeleg sliten når han kom hit um kveldane. Og tilslut var det ei lite eldre budeie på ei tå grannesætrom som kom her og fekk kvart numer ettersom dei kom, ho hadde nok ikje lang veig å gå, men eg er viss på ho gjenne hadde gått norom Flatningsenden um det hadde trongjest. Alle hadde dei det sama å seja, at dei hadde havt den største hugnad tå å følgje deg på Norigsferda di, her i huse kjende vi det som vi skulde misse ein kjær husven – som eit langt år igjennom til kvar viku hadde gjeve oss ei tyleg og god stund – da siste stykkje frå Norigssomaren kom i Posten for den 7de september nå sist.

Slikt er det når ein har noko sjølupplivt å bjo, noko som er gjeve att livleg og barnefriskt som fangar hug og tanke med ein gong! Herregud kor lite det oftast er verd mesta tå desse “konstruerte” um det kan vera godt gjort, au.

Norigsreisa di i 27 vil for dei norske i Amerika, og likeeins for ein mengde folk her heime, vera eit bokleg storhende og det gledde meg hjerteleg da eg såg i breve ditt at ho kjem som bok. Eg tenkte på det da eg las fyrste stykkje: gje han ikje ut desse skildringane i bokform, så snyter han landsmennane sine på båe sidor av have for mykje glede og hugnad! Du vil få glede av boka og eg ynskjer lykke til! Kanhende er eg på skikkeleg møle når eg ser ho er kome i bokhandelen, så skriv eg ei stutt melling i Gudbrdsdln. og Austland, men ein ting veit eg og det er, at eg i julom vil lesa “En sommer i Norge” i Dekorap. andre gongen, for ho set ein i den sama glade, barnefriske julestemninga som vi hadde den tida vi sat umkring åren heime hos far og mor i julhelgom.

I Bøneslia har vi full vinter og har alt havt det godt og vel i 2 viku, ennå er det heller lite snø, berre godt lynningsføre, men vi har alt hatt 20º kalde ein morgo og fleire med 15, 16 og 17º, så vintren legg hardt iveigen, vi kjem til å få “mangein kald neva” um han vil helde på såleis.

Eg har havt mykje å gjort det siste halvåre.”Ringbu” skulde “av stabelen” i år og prenteverke senda fyrste korrekturarke tidleg i mai, 2 ark til kom snøgt etter einan’n, men så vart det burte og stilt – typografstreiken korka for heile leiken. Så stod prentinga fyri til i fyrstninga av september, prenteverke kunde ikje ta upp att arbeide førr, da typografane attpå streiken skulde ha feri, au. No har eg nettup senda korrektur på 18de arke og ventar å få dei 2, 3 siste arka um nokre dagar. Såleis kjem nok “Ringbu” i bokhandelen til jul, såvidt. Nettup nå driv eg med å arbeide ut eit namn- og sakregister, nokre føreord med ei snøgg utgreiing um rettskrivinga, så skal boka vera frå seg gjord frå mi hand. Ho er ikje noko mesterverk, enda Ringbu hadde nokså godt vyrkje å gjera av, men den munnlege tradisjon tynnes av meir og meir ettersom ein kjem utetter dalen. Når ein kjem åt Øyer og Fåberg bli det berre magert og eg lystar ikje på dei tvo bygdabøkom derfrå.

Trast over nyttår skal eg leggje iveig med båe Fronsbygdom i ei bok, samlararbeide er ferugt og manuskripte såvidt på veig kome, at prentinga kan setjas i gong i slutten av januar um forlage finn at det høver. Fron kan ha von um ei bra bygdabok for det er att mykje frisk tradisjon i dei bygdom, serleg nørdre Fron med Kvikne. Åsmundstad-brørne gjorde mykje godt til å berge folkeminne i Kvikne og dei lette etter seg framifrå glupe kjelder som eg kan bruke som det høver. Så det kjem ikje til å vante meg vinterarbeid um amboa står medlag, og til denne dag har ho ikje svikta. Ein og annan gong kan eg på sume måter kjenne, at “alderdomen ikje er ungdomen lik”, men eg lyt vera takksam for, at eg med mine 74 år framleies er fullt arbeidsfør både med hugu og hendom. Det er minne, serleg um det som hendar til dagleg, som ikje lenger er så gløgt som førr, men det som ligg langt attende i tida held seg pålag som det har gjort i dei yngre årom.

Det vilde glede meg storleg å kunne få høyre, at du på ferda åt gamle Norig og heimbygda i 1930, kjem til å ta Island med, for da kunde vi vente oss “Ei somarferd i Island” etterpå. Eg vil vonast du har lykka med deg, men du får ta til å fyrebu ferda i god tid og prøve få tak i alle tenkjelege høve til å leggje ferda um den gamle sogeøya. Frå Island vil det sjølgjeve vera lett sak å finne ferdahøve åt Bergen eller Trondheim til ymse tid i 1930, for Islendingane skal altid gjeste Nidaros pålag “mann av huse”. Det er vel knuten å råka lugumt høve til å koma frå Amerika åt Island – er det ingor fast rute millom Quebek og Røykjavik? Men du må finne ein utveig på ei eller annor gjerd og det er underleg um det ikje i vår tid, da både tid og avstand snart ikje lenger finns, kan vera lagleg framkomst og råka frami for deg.

Det er lengje ennå til 1930 og så mangt kan hende både den eine og andre, men eg nektar ikje for, att eg alt nå til sine stunder kan sjå både med lengting og glede framette mot dette jubeleumsåre, og med von um at vi ennå ein gong kan få møtast friske og førlege. Um så skjer slepp du nok ikje så snøgt frå Kleivsætra som sist, da tida var deg tilmælt etter timetal. Og da går eg med på alt mogeleg antel det er viist eller gale – er bakføt’n såpass enda, at dei let seg draga med uppå Mugkampen, så gjenne det! Eg har vore uppe der ein gong (vist i 1908) sia den hausten vi fylgdest upp der frå Vålbu, og skulde ikje ha imot ennå ein gong å njote det storfelte utsyne over den vide flengja av gamle mor Norig, ein har for augom deruppå.

Vi har det godt og på gamol gjerd her i huse, 5 naut på fire bein, 2 på tvo bein, ein firistandar[4] og ein beksvart pudehund “Grim”. Einsemda er stor enda vi har radio i huse, men tida går styggeleg fort og eg har ennå aldri kjendt det vantriveleg på Kleivsætra. Pål driv og arbeier kubbestolar og har vist ialt tingingar på såmange han kan vinnast å gjera i vinter.

Tidene i norbygdom er tronge og etter at prisfalle kom etterhand da “vanvidsdagene” var slutt, har utkoma serleg for garbrukarom, verstna år for år. Mange kjem te å gå frå gard og grunn og den eine dreg den andre med seg utover stupe. Det vil tesværre koma til å gå mange år ennå før bygdene kan rette seg upp att, vi dregst med skatter så urimelege, at dei tyngjer i kne både småe og store. Mange sparebankar spelar upp, arbeidsløysa herjar og arbeidarane gjerer streik – tjuving, innbrot, mord og brand – ush!

Eg har ein del Amerikabrev og ventar å få tak i nogre frå Ringbu frå 1840-åra og skal sende dei når eg fær adressa åt Blegen. Skal utover vintren forsøkje skaffe fleire frå Lom, Sjåk og Fron.

Trast “Ringbu” kjem ut sendar eg sjølsagt boka åt deg.

Og så den beste helsing frå Pål og meg!

Ivar.

E. S. Når eg framanfor gat på å melle “En sommer i Norge” da gløymde eg burt, at det er eit kapitel um meg der som forbyd meg å lyfte kjeften upp – så den lovnaden lyt eg nok ta att med det sama. Du skulde elles døyvt noko på det kapitle!

Fotnoter

  1. Hans Kleiven.
  2. Marit Kleiven, dotter til Hans.
  3. Kristen Myrum frå Sel.
  4. Kari Bråtå eller Ner-Bråtå, gift Nilsonplassen.