Kjeldearkiv:Ivar Ringestad Av Olav Moe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Artikkelen er henta frå Tidsskrift for Valdres historielag 1955, og er om spelemannen Ivar Ringestad (1870-1953) frå Vestre Slidre i Valdres.

Gamle Valdres-spelmenn XIII

Ivar Ringestad

Av Olav Moe.

Ivar Ringestad
Ivar Ringestad var eldste son på den store garden Ringestad i Slidre — fødd 3—9 i 1870 og gift med Marit Ødegård, ei syster til O. K. Ødegård, og ei stutt tid der etter ein dugande bonde på Ringestad. For ei 18 år sidan gav han garden frå seg til eldste sonen, Jørgen, og løyste samstundes den fagre garden Løkje, etter verbroren Ødegård, og levde der til han døydde 15. septbr. 1953.

Ivar var av gamal kunstnarætt. Soleis har sylvsmedkunsti og spelmannskunsti vore driven på garden i fleire ættleder. Ivar byrja fyrst å spela då han var vaksen kar. Og det synte seg straks at han åtte både hugen og dugen til yrket.

Av dei spelmenn han sette høgast av dei gamle, var Ola Hamre eller Brøtaguten som dei nemnde han til daglegdags, og Ola Hansson Haugset som båe hadde lært av Jørn Hilme og heldt seg trufast til hilmespelet. Elles lærde no Ivar Ringestad mykje av Jørn Røn, sonen til Knut Ringestad. Men trass i at Ivar lika best Ola Hamres spel, so var det no likevel Jørn Røn han kom til å liknast mest på i spelmåten. Ivar hadde i unge år eit fløymande, fengjande spel i danserytme.

Då Ivar var 2 år eldre enn eg, er det greitt at me kom til å spela mykje saman i «ungdomen. Men endå um eg var yngre, var eg tidlegare ute og hadde spela i mange år då han tok til. Og det var soleis mange slåttar han fekk av meg i den fyrste tidi.

Han vart tidleg ein ovgod spelmann, endå arbeidet på den store garden seinka han mykje. Han var alltid streng i kravi til dei han spela saman med. Alt måtte vera rett i grunnformi og med den rette dåm og klang i utformingi. Sers i alt det gamle dansespelet var han stor og suveren, men ogso i det gamle lyarlæte kunde han nå høgt i sine beste stunder.

Det einaste ein kan peike på, var at han var for mykje bunden til heimespelet — kom for lite saman med framande spelmenn — og soleis var noko einsidug i spelet. Men fint og storfelt var det.

Personleg var han ein stor, rakvaksen og sterkbygd kar, og soleis i sume høve leit for mykje på kreftene sine, og tidt var han uvoren med helsa. Og av den grunn vart han for ei 20 år sidan liggjande sjuk i lang tid av gigtfeber. Og dermed var det ogso slutt med den ovgode spelmannen.

Men ein musikkinteressert kar og ein trufast ven og borgar var han til sin død.

/ Olav Moe