Kjeldearkiv:Ulrik i Jensestuen Av Olav Moe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen er henta frå Tidsskrift for Valdres historielag 1946, og er om om spelemannen Ulrik Jensestuen frå Nord-Aurdal i Valdres. Det er Olav Moe som har skrivi artikkelen.

Gamle Valdres-spelmenn IX

Ulrik Jensestuen

av Olav Moe

Ulrik i Jensestuen

var ein sjeldsynt spelmann, som ved ein usæl lagnad vart mindre kjend utanum Valdres enn han hadde fortent. Ulrik var fødd i Jensestogun — ein liten gard i «Aurdalsbyen» i Nord Aurdal - den 5. desember 1850. Far hans var bonde og kommandersersjant. Og der vaks Ulrik upp i vanlege bondekår.

Frå fyrsten av var det meiningi at Ulrik skulde verta forstmann. Han byrja då også på Kongsberg skogskule, men måtte slutta der fordi han vart sjuk. So vart han verande heime under heile uppvoksteren.

Heilt frå smågutdagane hadde spelmannshugen fanga han inn. Og han byrja tidleg - som so mange andre med sjølvlaga fele og taglstrenger. Den fyrste verkelege fela hans var laga av den kjende Valdres-felemakaren Nils Belgum i Ulnesbygdi. Skapet var Tronde-feleskipnad, men noko større. Det var ei systerfele til dei tvo som er på Valdres Folkemuseum — ei etter Ola Hamre — Brøtaguten — og ei etter Jørn Røn. Nils Belgum var ogso ein bra spelmann -- læregut av Jørn Hilme.

Av Belgum lærde so Ulrik dei fyrste låttane. Seinare vart nok Bendik i Nø'n den verkelege læremeisteren hans. Ulrik høyrde nok også og var saman med Jørn-Nils. Og han, sa Ulrik, hadde det finaste spelet han nokon gong høyrde av bondespel.

I unggutåri til Ulrik kom den fyrste autoriserte dyrlækjar til Valdres. Han var frå Fåberg i Gudbrandsdalen og heitte Boleng. Han budde si meste tid i Jensestogun - var meisterdansar og førde inn i bygdi nye dansetonar: turdansar og andre pardansar. Det var velkomen kost i «Aurdalsbyen» den gongen. Der budde heile den «kondisjonerte» klasse: prest, faut, skrivar, distriktslækjar og ei 3—4 sakførarar. Og der budde ogso lensmannen og postopnaren med alle dei kontorfolk som desse embets- og tenestmenn trong til i sitt yrke.

Det er då naturleg at gjestebodsskikkane med festing og dans fekk andre former enn i dei andre Valdres-bygdene. Foruten springar og halling og gamal bondedans (gangar) kom dei nye dansane mykje i bruk, gamal reinlendar, vals og polka, masurka, figaro, lensers, franseise m. v. Og Ulrik var då den vissaste spelmann i alle lag ogso millom dei kondisjonerte. Men til dei nye dansane måtte det ogso nye låttar.
Og til å lære det vart det godt høve. Der kom mange framande folk til bygdi, og millom dei mange reine kunstnarar, sume også på gjesting til alle dei innflytte folki. Millom dei ein heidemarking heitte Tor Bålstad, og ein gudbrandsdøl heitte Hoel. Det var norsk musikk dei spelte, dei med, bruka i deira bygdelag, men i andre former enn Valdres-dansane, som mest var springar og halling. Hjå desse innflytte spelmenn lærde Ulrik mykje nytt spel attåt det gamle Valdres-spelet han før kunde.

I Aadal og Sør Aurdal hadde dei longo noko av same musikken og dansane. Holte-karane på Nes i Aadal var reine kunstnarar i musikk. Og deira spel breidde seg etter kvart uppover Sør Aurdal med. Der budde den kjende spelmannSteinsrud`n som eg før hev skrive um i tidsskriftet. Millom hans læresveinar var ein kjend bygdespelmann heitte Ellef Tollersrud - ein fløytande god spelmann, sa Ulrik. Saman med Ellef spela Ulrik mykje og lærde mange Steinsrud- og Holte-låttar av han.

Det var framande låttar, det med, men Ulrik som ekte Valdres-spelmann gav det nye si eige personlege farge og form som alle gåverike folk gjer i si kunst i musikk som i anna.

Det vart i dette høvet umlag som då Ole Bull skreiv upp og spela låttar etter Myllarguten. Då sa Myllaren: «Jau, det er nok rett, Ola, men han vanta den rette låten.» Stroki, takti og fingringi var rett, men kjenslone og karakteren som Myllaren hadde, det vanta. Soleis ogso med Ulrik sitt spel. Det var nok som Hoel og Balslad og dei andre hadde spela det, men det var ein annan dåm, ein annan bunad, Ulrik gav låttane.

På dette viset vart Ulrik Jensestuen noko anna og meir enn dei andre Valdres-spelemenn. Ikkje so at han spela dei gamle Valdres-slåttane betre enn dei, men han hadde eit tillegg framum dei i det nye, innførde spelet.

Nord-Valdres-spelet, som Ulrik hadde etter Bendik i Nø'n og dei andre, var Hilmespel - og det var det ikkje. Det var nett like-eins med Balstad-spelet og Hoel-spelet m. v. Stroki, viki og det andre var Hilme-låttar; men den kjenskapen Ulrik hadde til notespel, og sergivnaden hans i musikk gav spelet hans ei onnor tonebragd.

Småkrullingane og dubbeltgripi vart mindre i Ulrik sitt spel enn som læresveinane til Hilmen bruka å spela. Det var sjølve sjeli i låttane Ulrik vilde hava fram, og han fekk fram det han vilde. Utbroderingi, tilkrotingi, sette han mindre inn på. I det stykket fylgde han ikkje meisteren for det gamle Valdres-spelet, Jørn Hilme, endå um det må sannast at også han nytta Hilme-spel stort sett.

Det var eit dåmrikt, tirlande, fint spel, Ulrik sitt spel, heilstøypt og fulltonande og fin harmonisering. Når han var i sitt beste lune, og den lange bogen hans vogga seg over strengene i B-dur, F-dur eller molltonefarge i runddansane hans, då var det hugtakande å høyra på. Ofte visste folk ikkje rett anten dei skulde dansa eller ikkje. Men slo han så over til Valdres-springar på gamal gjerd, då kunde ingen sitja roleg i danseflokken. Då verka han som sjølve Veslefrik i eventyret.

Ulrik var ein lentug, rakvaksen kar, staseleg å sjå på i sin beste alder. Ei mykje vyrd fruge av Valdres beste ætter, og av dei finaste gjentor i Aurdal i si tid, og som sjølv spela sers godt piano, fortalde meg ein gong: Når Ulrik var i sitt beste lag til å spela, då verka musikken hans på oss gjentone soleis at ein måtte verta forlipt i han, staseleg og vakker som han var.» -

Han vart tidleg gift og busette seg i Lien, tvert over fjorden frå fødeheimen sin i Aurdal. Der livde han med den store huslyden sin i små kar og mykje av tidi sjukleg. Men han var — stort sett — gladverdug og spøkefull meir enn andre.

Etter at han vart gift og sette eige bu, vart det mindre med spelingi etter kvart. Og av den merkelege, sildrefine musikken hans er det soleis lite att. Dei unge i samtidi som freista å læra av han. dei fekk det ikkje til. Og av gode grunnar. Når ein skal spela låttar med mange B'ar eller mange kryss og med vanleg felestille, spela dei, som mange gjorde, på hardingfela og med uppstemd bass -- ja, so er det lett å skyna korleis musikken vart.

Det måtte sers musikalske evnor og stor tame til å fylgja Ulrik Jensestuen i spel. Eit par spelmenn i Valdres kan vel enno nokre av låttane hans, men det er få mot Ulrik sitt store låttetilfang.

/ Olav Moe.