Kjeldearkiv:Volda fær sin promenadekafé

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er en kilde og er derfor stengt for redigering. Eventuelle bemerkninger eller rettelser kan etterlates her.

«Volda fær sin promenadekafé»

«Ein norsk-amerikanar vil byggja moderne kafé i Andeneset»

«Ein heimkomen amerikanar, Sigvald Petterson Storenes, f. i Austefjorden 1897, hev søkt Volda heradsstyre um kaféløyve til ein promenadekafé på R. Årflots eigedom innmot Andeneset, 15 m. ovanfor vegen. Han hev drive kaféverksemd i Amerika frå 1927. Storenes hev lagt merke til all den ferdsla der er av spaserande inne på Andenesvegen, og trur det skal løna seg med ein kafé der. Og den moderne funkisbygnaden, med friluftsrestaurant på det flate taket og på verandaen, vil verta ei pryd for bygda, meiner han. Namnet vert «Solstrand kafé». Han vil og skipa til «mjølke-bar». Og altsaman skal vera «up to date».

I heradsstyret var det halde fram at her er meir enn nok av kaféar fyrr. Men heradsstyret hev ikkje nokon skileg grunn til å nekta, og då fær søkjaren løyve av departementet i alle høve. Mot 2 r. vart kaféløyve gjeve for 1935.»

Kjelde