Knut Gjerset (1865–1936)
Knut Gjerset (fødd 15. september 1865 i Fræna, død 29. oktober 1936 i Decorah, Iowa, USA) var norsk-amerikansk historikar og litteraturforskar, professor ved Luther College. Han skreiv norsk og islandsk historie på engelsk, og var ein av pådrivarane for omlegginga frå norsk til engelsk språk i norskamerikanske kulturinstitusjonar i mellomkrigstida.
Slekt og familie
Han var son av lærar og gardbrukar Ole Sørensen Gjerset og Karen Marie Eidem.
I 1894 vart han gift i Minnesota med Helen Baumgarten (1866–1966).
Liv
Han hadde sine første år på garden Eidem på Fræna, der faren hadde skapt eit mønsterbruk. Garden kom frå mora sin slekt. Sjølv om garden gikk bra, tenkte han at det kunne bli enno betre i USA, og i 1871 drog heile familien dit. Dei neste åra levde dei nybyggerlivet i Minnesota. Borna, inkludert Knut, gjekk på vanleg folkeskule med undervisning på engelsk, og fekk norskundervisning heime.
I 1888 byrja han studere engelsk litteratur ved University of Minnesota. Så studerte han frå 1893 ved Johns Hopkins University i Baltimore, frå 1895 til 1896 i Maryland og til sist i Heidelberg frå 1896 til han tok ein doktorgrad der i 1898. Han hadde seinare eit studieopphald i Kristiania.
Etter studiane var han rektor ved fleire norskamerikanske skuler. I 1902 fekk han eit professorat i norsk historie og litteratur ved Luther College i Decorah, og med nokre avbrot hadde han det til 1934. Frå 1922 til sin død var han leiar for Luther College Museum, som var det fyrste friluftsmuseet etter skandinavisk modell i USA. Han hadde ansvar for dei historiske utstillingane under utvandrarjubileet i 1925. I samband med festen for jubileet var han med på å skipe The Norwegian-American Historical Association (NAHA).
Frå 1905 til 1914 var han medutgjevar av årboka Symra. Ein tid var han nabo med ein av redaktørane i Symra, Kristian Prestgard, og han vert nemnd i fleire av breva etter Prestgard og Iver Kleiven; sjå personregisteret. I 1915 gav han ut Historie of the Norwegian People, og 1922–1924 kom Historie of Iceland.
Han vart i 1917 riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han var óg riddar av den islandske Falkordenen, og æresdoktor ved St. Olaf College.
Kjelder og litteratur
- Knut Gjerset i Historisk befolkningsregister.
- Knut Gjerset i Store norske leksikon.