Knut Halvorsson Nordbø (1866–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut H. Nordbø i 1936.

Knut H. Nordbø blei født 8. juni 1866 på Forberg søndre i Bø i Telemark og døydde 11. januar 1944. Han var son av Halvor Knutsson (1833–1916) og Hilleborg Gregarsdtr., f. Saga (1828–1875). Familien flytta til Nistugu Nordbø i 1872 da faren tok over ættegarden. 19 år gammal gifte Knut seg i 1885 med Kari Anundsdtr. (1865–1952) frå Dyrud søndre i Nes i Sauherad. Dei fekk tre barn: Hilleborg (1886–93), Halvard (1889–1964) og Hilleborg (1895–1964).
Ein åtte år eldre bror av Knut, Halvor, var utdanna lærar. Som ung samla han folkeminne og var korrespondent for avisa Varden. I 1883 drog han til Amerika, men kom heim igjen etter eit halvt år og døydde seinare same året. Knut var nok sterkt påverka av broren, som han tok opp arven etter.

Liv og virke

Knut sa sjølv at han «tidlig næret interesser for det boklige», men skulegangen starta han først som niåring i skulestugo på Forberg. Som ungdom var han elev ved Amtskulen på Gunvorskås og seinare gjekk han i to månader på Telemark Folkehøgskule (Ullmannskulen) i Seljord. Tida på skulen i Seljord blei skilsetjande for Knut: «Her ble mitt syn aapnet for mange spørsmaal og opgaver i livet, noe der siden stadig har fulgt mig.» Han tileigna seg også allsidig kunnskap ved flittig lesing og sjølvstudium.
I 1901 tok Knut over farsgarden Nordbø, som han for det meste dreiv med leigd hjelp fram til 1925, da han delte garden mellom sonen og dottera. Det å vere gardbrukar var nok ikkje den største interessa i livet hans. Hugen låg til det å skrive. Medan broren Halvor var i Amerika, skulle Knut, som da var 17 år, ta seg av broren si skribentverksemd. Det skulle syne seg at det blei lenger enn som så. Etter at broren døydde i 1883 blei han verande i jobben som avis-korrespondent til han takka av som 75-åring.
Dei første åra sende han dagsaktuelle «nyhetsbrev» frå Bø til avisa Varden. Etter kvart gjekk han over til å skrive artiklar om ulike lag og verksemder i Bø, men også frå bygdene rundt. Populære blei også intervjua med eldre folk i samband med åremålsdagane deira og artiklane om ulike kulturhistoriske emne. Han skreiv mest for Varden, men hadde også artiklar i Teledølen, Norig, Menneskevennen, Folket og Godtemplarbladet. Han hadde alltid med fotoapparatet sitt, «Kodaken», som han kalla det, og illustrerte avisartiklane med eigne billete.
Under Senklenuten på sørsida av Nordbøåsen sette han opp ei lita lafta hytte, som han kalla «Nisserud». Denne nytta han seg mykje av. Her kunne han sitte i fred med skrivearbeidet sitt og finpusse på artiklar og biografiar.

I 1890-åra var Knut svært mykje med i politisk arbeid. Han blei valt inn i heradstyret og hadde mange ombod i bygdestyringa. I 1891 var han med og stifta Bø Arbeiderforening, forløparen til Bø Arbeiderparti, der han var med i fleire år. Seinare gjekk han over til Venstre, men etter eit par perioder i heradstyret var det slutt med politikken. Han sa sjølv at han «...tok til aa forstaa usseldommen, for ikke aa si raatenskapen der følger med i den politiske heksedans».
Interesse for avhaldssaka hadde han frå ungdomstida og livet ut. I 1887 blei han med i Det Norske Totalavholdsselskap, og i I.O.G.T. var han med dei siste 25–30 år av sitt liv. Han ga ut eit par bøker med avholsdpolitisk innhald, og arbeidde også med ei bok om avhaldsrørsla si historie i Telemark, men denne rakk han ikkje å bli ferdig med. Han fekk den høge utmerkinga «Klostermedaljen» for si deltaking i avhaldsarbeidet.
I 30-årsalderen kom han inn i ei livskrise med skuffelser og sjukdom. På den tida gjekk det ei religiøs vekking over bygda, og han begynte å ta del i religiøs verksemd, m.a. i søndagsskulen der han var lærar i 7 år. Samtidig skreiv han også mykje i religiøse blad. Seinare i livet kom han på andre tankar og rekna seg etter kvart som agnostiker.

Takka vere avisartiklane og billeta til Knut H. Nordbø, har Bø, som er blitt eit av dei sterkast veksande bygdesentera i Noreg, ein sjeldan god dokumentasjon av oppløpet til den utviklinga av bygda vi ser i dag, med m.a. bygging av jernbane, etablering av realskule og landsgymnas og seinare distriktshøgskule.

Privatarkivet etter Knut H. Nordbø, der hovuddelen er Avisartikkelsamlinga som inneheld fleire hundre utklipp ordna i hefte av Knut H. Nordbø sjølv, er nå å finne i Bø lokalhistoriske arkiv. Museet har gjett ut to årsskrift, i 1991 og 2011, som i sin heilskap er via desse artiklane.

Bøker av K.H.N.

  • I skibakken og andre smaafortellinger (under psevdonymet Bjarne Bøen). Erik St. Nilssens forlag, Skien 1915.
  • Glimt fra menneskelivet. Fortellinger og skitser., Trondheim 1922.

Bøker om K.H.N.

  • Lokalskribenten Knut H. Nordbø – Trekk frå folkelivet i Bø i eldre tider. Årsskrift nr. 2, Bø lokalhistoriske arkiv – Bø Bygdemuseum, 1991. Redaktør: Finn Rønning.
  • Knut H. Nordbø – Gamle Bøherad. Bø Museum – Årsskrift nr. 9. Telemark Museum 2011. Redaktør: Finn Rønning.


Kjelder