Krigsminnesmerket ved Friheim
Hopp til navigering
Hopp til søk
Krigsminnesmerket ved Friheim i Lesja er reist til minne om to lokale menn som fall under andre verdskrigen.
Minnesmerket er ein bauta med følgjande innskrift:
- Minne
- om
- 8. mai
- 1945
- Anton Jøndal
- Hans O. Kolstad
- Vi vil oss et
- land som er
- frelst
- og
- fritt
- Reist 1949
Anton Jøndal, fødd 13. mai 1890 i Dovre kommune, var gardbrukar i Lesja. Han arbeidde på ein flyplass på Lesjaskogsvatnet under kampane våren 1940, og vart drepen av ein granatsplint den 30. april 1940. Han er gravlagd på Lesja kyrkjegard.
Hans Olav Kolstad, fødd 27. februar 1918 i Lesja, var student i 1940. Han skulle reise til Jørstadmoen, men på Dombås stasjon vart toget bomba av tyske fly den 21. april 1940, og han vart drepen av ein splint. Han er gravlagd på Lesja kyrkjegard.
Litteratur og kjelder
- Minnesmerket, sjå bilete over.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 2 Digital versjon på Nettbiblioteket.