Kristian Lerheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristian Lerheim (født 1883 i Eid, død 1960) var offiser, revisor, lokalpolitikar og ein kort periode òg fotograf.

Han avla eksamen ved infanteriunderoffiserskolen i Bergen i 1904. Lerheim reiste så til Ulsteinvik og lærte seg fotografering. Han freista frå 1905/06 å livnære seg som fotograf på Sulalandet. Men han slutta tidleg, rundt 1915, såpass tidleg at ikkje alle av hans åtte barn har minne om det. I mange år var han forretningsførar for trygdekassa i kommunen, og i 1919 vart han tilsett som revisor ved Langevaags fabrikkar. Denne stillinga hadde han til han gjekk av for aldersgrensa i 1948.

Han hadde ein omfattande militær karriere med kapteins grad då han gjekk av for aldersgrensa. Han var òg var aktiv i ei avholdslosje, og han var sentral i byggekomiteen for Langevåg kyrkje. Lerheim var aktiv målmann.

Ein del av hans glasplater vart i 1983/4 overtekne av Aalesunds Museum. Det eldste av desse som er tidfesta er frå hans eige bryllaup 21.07.1907. Utifrå det materialet Aalesunds Museum har overteke kan ein slå fast at han hadde kamera for bilete i tre format: visittkort (8x12 ca), kabinett (12x16 cm) og 18x24 cm.

Kilder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Kristian Lerheim er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!