Kullhusvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kullhusvegen sett nordover med Kullhuset (gnr. 108/4) til venstre.
Foto: Roy Olsen (2018).

KullhusvegenNordagutu i Midt-Telemark kommune går nordover frå Nordagutuvegen ved Moen skule til Kullhuset ved Sauarelva og er ein dryg kilometer lang.

Vegen har namn etter Kullhuset, som var ei gamal bryggje for utskipning av trekol til jernverka på Ulefoss og Hørte. I 1999 blei vegnamnet Kolahuset vedtatt, men etter klager fra bebuarane blei namnet endra til Kullhusvegen i 2009.

Kullhusbanen var ein normalspora jernbane, ca. tre kilometer lang, som gjekk mellom Nordagutu stasjon og Kullhuset. Banen var i drift berre nokre år, og var eit hjelpemiddel i samband med byggjinga av Bratsbergbanen. Mykje materiell, lokomotiv og vogner, blei frakta til Kullhuset på vassdraget, og så vidare opp til Nordagutu på Kullhusbanen. Men også personar som kom med båten til Kullhuset kunne ta toget opp til Nordagutu. Gods som skulle til Rjukan blei sendt med toget frå Kullhuset. Fylkesveg 553, Nordagutuvegen, går på Kullhusbanens trasé eit par kilometer sørover frå Nordagutu stasjon.

Kjelder


Koordinater: 59.40403° N 9.30872° Ø