Lågåsild

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lågåsildfiske i Mjøsa.
Foto: Ukjend (1948–1949).

Lågåsild òg kalla lagasild, lagesild, vemme og stinte (latin Coregonus albula) er ein laksefisk. Arten lever i ferskvann, men finst òg i brakkvann i Bottenvika. Han er utbreidd i det nordvestlege Europa til Uralfjella, og i Norge er det særleg i på Austlandet frå Mjøsa og sørover, nokre spreidde stader langs kysten og i Pasvikelva at vi finn lågåsild. Fleire stader er dei sett ut.

Namnet kjem dels frå Gudbrandsdalslågen som er ein av dei viktigaste gytestadene, og dels frå likheten med sild. Den eldste forma er lagarsild, av lǫgr, 'Lågen'. I Østfold kallar dei han gjerne vemme, og i Vinger vert han kalla stinte.

Det kan vere vanskeleg å sjå skilnaden på lågåsild og sild, men lågåsilda har ein feittfinne mellom rygg- og halefinnen som silda ikkje har. Normalt er dei mellom 20 og 25 cm lange, med vekt opp til 100 gram. Dei største som er funne var på opp til 45 cm og ein kilo.

Lågåsilda lev som pelagisk stimfisk i innsjøar, og gyter i elver. Dei lever særleg av krepsdyrplankton, og kan òg ta klekkande insekt.

Det største fisket finn stad i Mjøsa på hausten, når lågåsilda skal opp Lågen for å gyte. Første gong fisket er nemnd er kring 1350. Det vert nytta not, garn, mælkrakk og hov. Fram til 1970-åra var det kommersielt fiske på lågåsild, men etter det er det mest eigen matauk.

I Norge er det ikkje lenger nokon stor marknad for lågåsilda, og det er òg færre av dei i Mjøsa. Fisken var viktig for bygdene nord for Mjøsa i fleire hundre år. Han vert gjerne anten røykt, eller steikt i panne med mel, salt og peppar, og servert med potet, gulrot og smør.

I Sverige, der dei kallar han siklöja, vert lågåsilda teken for rogna. Av denne lagar dei löjrom, som ein kan omsetje til «lågåsild-rogn», en spesielt eksklusiv variant av kaviar.

Litteratur og kjelder