Lars Utne
Lars Utne (fødd 24. november 1862 i Midttun i Utne i det noverande Ullensvang herad, død 8.august 1922 i Asker) var bilethoggar.
Familie
Lars Utne var son av bonde og snikkar Jørund Amundsson Utne (1813–1889) og Brita Torgilsdotter Jaastad (1819–1902). Han vart gift i 1887 i København med Elisabeth Christiane Semb (1867–1927), ekteskapet oppløyst i 1899, deretter i 1900 i Kristiania med Ragnhild Hafslo Qvam (1869–1954). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.[1]
Liv og virke
Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik, seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin, der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.
I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Han står og bak dei to messingløvane på trappa innafor inngangen hjå Høyesteretts hus. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.
Utne var overlærar ved Den kongelige kunst- og haandverksskole i Kristiania, der han sjølv hadde studert då det heitte Den kongelige tegneskole.
Ettermæle
I eit minneord i Aftenposten 9. august 1922 (usignert, redaksjonelt) vart Lars Utne omtala slik (utdrag):
Han nedlagde som lærer et meget samvittighedsfuldt arbeide, pligtopfyldende og paapasselig, som han var. Som billedhugger udmerkede Utne sig ved stor formsikkerhed. ... Personlig var han en mand med alsidige interesser og han havde altid opgjort sig sine egne meninger om de ting, som kom indenfor hans interesse-sfære. | ||
Lars Utne er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit portrettrelieff av han.
Galleri
- Lars Utne sin skulpturgruppe «Arbeid og fred» i kleberstein fra 1906 over inngangspartiet på daværende Norges Bank, Bankplassen 4 i Oslo. Mellom figurene er riksvåpenet.Foto: Stig Rune Pedersen (2012)
- Portrettrelieffet på gravminnet til Mathias Skeibrok på Vår Frelsers gravlund er av Lars Utne.Foto: Stig Rune Pedersen (2013)
- Griff på taket til det tidligare Nasjonalgalleriet si bygning i Oslo, utført av Lars Utne.Foto: Stig Rune Pedersen (2012)
- Portrettrelieff av keiser Vilhelm II av Tyskland på bauta i Byparken i Ålesund, utført av Lars Utne.Foto: Elin Olsen (2017)
Referansar
- ↑ Lars Utne i folketeljinga 1910 for Asker herred frå Digitalarkivet.
Kjelder
- Thue, Oscar; Thue, Sigrid Rømcke: Lars Utne i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 30. januar 2023 fra https://nkl.snl.no/Lars_Utne
- Storaas, Reidar: Lars Utne i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Hentet 30. januar 2023 fra http://nbl.snl.no/Lars_Utne
- «Billedhugger Utne» (minneord). Aftenposten 1922.08.09. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Lars Utne på Wikipedia på nynorsk
- Lars Utne i Historisk befolkningsregister.