Lensegravvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lensegravvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går austover frå vegen Nordbøbergja på Nordbøåsen og er om lag 200 meter lang.
Vegen og blei opparbeidd i 2015 i samband med utbygginga av nytt boligfelt. Han blei namnsett same år og fekk namn etter husmannsplassen Lensegrav under Nordbø.
Lensegrav låg midtvegs mellom Tjønna og Innistugujordet. I 1872 gav Gunnulv Gregarsson på Innistugu Nordbø festesetel til «Anne Eriksdtr. Moland (søndre) og hennes mand Ole Johannessen Løvskeid på en stuetomt i utkanten av jordet Lensegrav og muligens noe mere jord under d.e. med rett for utstederen og eftermenn til at tage grunden tilbake». Plassen blei og kalla Smeholune.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Henneseid Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I.