Lindås sogelag
Lindås sogelag er eit historielag i Alver kommune i Nordhordland. Det vart skipa 14. mars 1982. Lindås sogelag arbeider for «å samle, ta vare på og gjera ålment kjent og tilgjengelig alt tilfang som har å gjera med ålmenn soge, gards- og ættesoge, levevis, folkeminne, stadnamn og mål i [tidlegare] Lindås kommune. Laget skal vere innmeldt i Landslaget for Bygde- og Byhistorie». Sidan 2005 gjev laget ut årsskriftet Mimra. Laget åtte Strilamuseet på Seim, men det vart nedlagt etter ti års drift.
I 2018 hadde laget 120 medlemmer. Medlemstalet har vore opp mot 160, men er no synkande.
Leiarar
- Jan B Thorsheim 1982-1997, 1999, 2007-2015
- Eli Fjelde Vikan 1998, 2000-2001
- Sissel Anny Hjelmtveit 2002-2004
- Konrad Ulvatn 2005-2006
- Jon Arne Hopsdal 2016-2019
Andre sentrale personar
- Olav Kvamme, iniativtakar og pådrivar for skiping av sogelaget, mangeårig kasserar.
- Johannes Rydland, leia oppbygginga av Strilamuseet.
- Vigdis Fjell Hilland, stod for registrering/merking av dei fyrste ca. 3000 gjenstandane.
- Knut Geelmuyden, magasinadministrator.
- Asbjørn Åsgard, redaktør for Skulesoge i Lindås og årboka Mimra 2005-2011.
Hovudaktivitetar
Formidling av lokalhistorie. Laget gjev ut årbok og set opp utstillingar, mellom anna ei vegkyrkjeutstilling. Innsamling av gjenstandar knytt til Lindås. Sogelaget har òg sett i stand heimefronthytta «Kåken».
Publikasjonar
- Bygdebok for Alenfit : band 2B: Gards- og personhistorie for skulekrinsane Øvstegard og Isdal/Gjervik i tidlegare Hamre kommune i Hordaland kring 1814 til og med 2003. Red. Egil Hopsland ofl. Utg. Lindås sogelag. 2007. 327 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Det store tidsskiljet – boka om Nordhordland. Utg. Nordhordland Forlag (bidrag med foto og skriftlig materiale).
- Ei lita bygd i ein stor krig. Utg. Lions Club Lindås (bidrag med foto og skriftleg materiale).
- Jubileumsskrift for Lindås kommune 1837-1987 (bidrag frå fotosamling).
- Krigsår i kystbygder. Utg. i samarbeid med Lindås sogelag. 1995. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kystkulturen i Nordhordland (hefte for bruk i skulesamanheng).
- Mimra, som medlemsblad (to nummer i året) 1988-2002, som årbok frå 2005. 1988-2002 ISSN 0804-6875, 2005- ISSN 0804-6875.
- Åsgard, Asbjørn: Helsestell i Lindås før og no. Utg. Lindås sogelag. 2003. 106 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Åsgard, Asbjørn: Skulesoge for Lindås. 1 : 1739-1889. Utg. Nordhordaland forlag. 1990. 300 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Åsgard, Asbjørn: Helsestell i Lindås før og no. Utg. Lindås sogelag. 2003. 106 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).
Eksterne lenkjer
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Lindås sogelag på Digitalt museum.
- Lindås sogelag på KulturNav
- Heimeside