Lissersvingen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lissersvingen er en sving i den gamle riksvegen som gjekk gjennom Lesjaskog sentrum og forbi Lesjaskog kyrkje. Den var siste del av riksvegarbeidet som gjekk føre seg bortover bygda frå 1860-åra til 1888. Svingen har namn etter området Lisser.

Svingen hadde ei utforming som gjorde det vanskeleg for bilar å halde seg på vegen ved litt for høg fart. Det førte til mange utforkøyringar med store skader på køyretøy og passasjerar, ja til og med dødsfall. Det første dødsfallet var elles alt i 1900, da ein husmannsgut ramla av hesten og slo hovudet.[1]

Svingen ligg øvst i ein litt seig motbakke opp frå Krossan forbi Lisser, og der vart det lagt opp ein kvilarstein som var bruk av bygdafolk og andre langs vegen.

Lissersvingen inngår i Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja.

Referansar