Liste over notbøteri i Spjelkavika
Nedanfor er ei liste over notbøteri i Spjelkavika i Ålesund kommune. I Spjelkavika låg det åtte notbøteri langs med Åsefjorden. Desse nothenga vart starta som eit resultat av at snøre og garnfabrikkane Ålesunds slyngefabrikk og Spilkevig's snøre- not- & garnfabrik starta notlin og garnproduksjon basert på vasskrafta i Spjelkavikelva.
Etter kvart som ansatte frå Spilkevigs fann ut at dei ville starte for seg sjølv vart det gjerne oppstart gjerne i eige naust i fjøra langs Åsefjorden. Då dei store sildeåra kom i 1946 og framover vart det ei rivande utvikling for alle nothenga med mykje og hektisk arbeid med mottak for reparasjon, tørking, barking og lagring av nøter. Etter kvart vart det òg eit behov for lagring av doryar når snurparane la om drifta til anna etter endt sesong. Etter kvart vart snurpenøtene produsert i nylon og ringnota tok over, dette førte til at berre dei største bøteria overlevde med reparasjonar og produksjon av ringnøter.
| Navn | Oppretta | Nedlagt | Eigar | Merknad |
|---|---|---|---|---|
| Hjellens notbøteri | 1932 | 1968 | Joakim Hjellen | Freda, hadde og dorynaust |
| Alvik | 1961 | John Alvik | Brann ned i 1961 | |
| Sunde & Bakken | 1947 | Petter Sunde og Halfdan Bakken | Utvida med plastproduksjon. Brann ned | |
| Br. Sunde | Utvikla seg til Br.Sunde. Hadde og dorynaust, på Tørla | |||
| Mittet | Avdeling av H.P Mittet, hadde og dorynaust | |||
| Erik Foss og sønner | 1946 | 2016 | Siste eigar var Mørenot AS, hadde og dorynaust | |
| Bern Spjelkaviknes | Hadde og dorynaust, på Sandingane | |||
| Thomas Skytterholm | Hadde berre notheng,det var heller ikkje kai og barkeri her |