Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-31

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det herskaplege huset som Erstad sette opp til seg i 1914.
Foto: Eldar Høidal (2012)

Hans Fredrik Erstad (fødd på Erstad i Sykkylven 12. desember 1868, død 1918) gjekk i velmaktsåra sine under namnet «Sandkongen». Han slo seg opp på sal av mursand i samband med gjenreisinga av Ålesund etter brannen i 1904. På grunn av den nære avstanden til Ålesund var Sykkylven ein framifrå plass for slik verksemd. Dette var også ein kommune med gode og lett tilgjengelege sandforekomstar. Som på Erstad. Ikkje berre trong dei sand til attreisinga av Ålesund. Dei trong også kalk og teglstein. Teglstein fekk dei frå Aure Teglverk og kalk og sementstein frå anlegget til Heinrich SchmidtBlindheim.

Hans Fredrik Erstad var ikkje den første som selde sand frå Erstad, fortel Fredrik Drabløs som har skrive ein artikkel om Sandkongen. Det skal ha vore Petter Erstad som var pioneren på dette feltet. Hans Fredrik kom i gang litt seinare, men han var nok den beste forretningsmannen av dei to. Han gav kjøparane gode prisar slik at dei ønskte å handle med han. Hans Fredrik Erstad skal ha vore heilt nede i ein pris på 10 øre pr hektoliter sand.Les mer...