Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-38

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tospråklig vegskilt ved Árjepluovve (pite- og lulesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne (2008)

Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lulesamisk bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsamisk biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk er sterkt truga både i Noreg og i Sverige. Les mer...