Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-4

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Christenson Ormbergstøl

Anders Christenson Ormbergstøl (A.C. Ormberg) (fødd 28. november 1829, død 30. mars 1917) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen, no Luster kommune i Sogn og Fjordane. Han var eldste barn av Christen Andersson Ormbergstøl (1798-1849) og Kari Eriksdotter (1811-1899) som var dei fyrste sjølveigarane på Ormbergstølen. Anders fekk 27. november 1849 skøyte på heimebruket etter at faren døydde og dreiv det til 1882.Anders Ormbergstøl tilhøyrde ein politisk engasjert familie. Faren Christen Andersson Ormbergstøl var formannskapsmedlem i fleire år frå kring 1840 og ein sentral mann i bygdestyringa. Det same vart Anders Ormbergstøl. Han var ordførar i Jostedalen i tre periodar, ei kort tid i 1876, 1879-1880 og 1884-1896. Etter dette tok sonen Kristen Andersson Ormbergstøl over vervet. Barnebarnet Kristen Bakken (1920-2014) vart òg ordførar.

Ordførargjerninga til Anders Ormbergstøl markerte eit tydeleg skifte i det politiske livet i Jostedalen. Tidlegare hadde gjerne sokneprestane vore ordførararLes mer...