Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-15
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bråtebruket var ein gammal dyrkingsmåte på Toten, minst like gammal som åkerbruket. Bøndene på Toten byrja altså med bråtebruk lenge før finneinnvandringa midt på 1600-talet. Det har tidlegare vore hevda at nordmennene tok etter finnane, som tok store avlingar, særleg av rug, etter å ha brent ned skogen og sådd i oska.
På Toten-bygdene var det mykje skog som kunne brennast til bråte, og mykje av skogen stod på næringsrik mark. Tilhøva låg med andre ord godt til rettes for bråtebruk. Nokre stader på bygda vart det brent bråte heilt til midten av 1800-talet.Les mer...