Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2025-25
Åsta Holth (fødd 13. februar 1904 på Svullrya, død 16. mars 1999 på Kongsvinger) var forfattar og skogfinsk kulturformidlar.
Den første boka ho gav ut, var novellesamlinga Gamle bygdevegen frå 1944. Dette er framleis ein klassikar, med nokre av dei finaste finnskogsforteljingane ho skreiv. Som lyrikar debuterte ho i 1946 med diktsamlinga Porkkalafela. Dei finske tradisjonane går som ein raud tråd gjennom heile forfattarskapet, og Åsta Holth engasjerte seg òg på andre måtar i bevaring av tradisjonane. Ho var styremedlem på museet Finnetunet, og testamenterte huset sitt dit. Ho teikna Finnskogsbunaden for menn og kvinner, og ho tok initiative til Finnskogdagene på Svullrya. Under denne festivalen vert Finnskogen kvart år utropt som republikk, og Åsta Holth var livstidspresident for denne.Les mer...