Lucie Henriksdotter Munch (1665–1733)
Lucie Henriksdotter Munch (fødd 4. mai 1665 i Trondheim, død 1733 i Tjelde i Ballangen) var prestedotter og skipperkone.
Ho var dotter av Ane Hansdtr Kruse og Henrik Pedersen Munch. Faren vart residerande kapellan i Ofoten prestegjeld i 1667, og dei flytta til Evenes prestegard. Han døydde då ho var berre 5 år, og mora gifta seg opp att med faren sin etterfølgar Mads Olsen Humble.
Ved skiftet etter mora i 1703 er ho nemd som gift med Hans Rasmussen Warberg. Dei skal ha blitt gift i 1698. Han var skipper og gardbrukar på Tjelde (Kjelde) i Ofoten.
Ho fekk fire born. Rasmus, f. ca 1699, Henrik Mathias (1700–1775), Hans (1703–1760) og Anders (1705–1765).
Kilder
- Dahl, Svein Tore. Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536-1700. Utg. S.T. Dahl. Trondheim. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Fjellstad, Gerd. Fra adel til bumenn. Utg. G. Fjellstad. Ballangen. 1996. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Lucie Henrichdatter Munck Erik Berntsen slektsider
| Artikkelen Lucie Henriksdotter Munch (1665–1733) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |