Lødingen prestegjeld
Lødingen prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.
Lødingen var før reformasjonen eit kannikgjeld under Domkyrkja i Trondheim. I 1589 hadde prestegjeldet 4 kyrkjer og 2 korshus, som skulle betjenast av tre prester. Soknepresten hadde ansvar for Lødingen kyrkje og Hol korshus, det var ein residerande kapellan ved Ofoten kyrkje på Evenes, og ein i Vågan som betjente Vågan, Skrova og Gimsøy.
Vågan prestegjeld var utskild frå Lødingen i 1735, og Ofoten prestegjeld i 1781.
Det vart gitt tillatelse til å bygge kyrkje i Tysfjord i 1601. I 1857 vart Tysfjord eige sokn, og i 1867 var Tysfjord prestegjeld oppretta.
For prestar som har gjort teneste i prestegjeldet, sjå Prester i Lødingen.
Kjelder
Artikkelen Lødingen prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |