Løvskeidåsen (veg i Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Løvskeidåsen er ein veg i Bø i Midt-Telemark kommune som går i boge vestover frå Nordbøvegen ved Løvskeid til same veg lenger vest. Han er 410 meter lang.
Vegen blei namnsett i 1996 og har namn etter plassen Løvskeid og ligg lengst nord i utkanten av Nordbøåsen. Namnet Løvskeidåsen er ein nykonstruksjon – sett saman av Løvskeid og (Nordbø)åsen. Det uttalast «Løff'sjei-åsen». Busetnaden består av ni rekkjehus og åtte einebustader.
Eigedomar
Nr. | Bilde | Om eigedomen |
---|---|---|
1–17 | Gnr. 54/38. Rekkehus med ni seksjonar oppført i 1996. | |
16 | Gnr. 54/56 Einebustad oppført i 2002. | |
18 | Gnr. 54/57 Tømra einebustad oppført i 2001. | |
19 | Gnr. 54/35 Einebustad oppført i 1995. | |
20 | Gnr. 54/55 Einebustad oppført i 2002. | |
21 | Gnr. 54/43 Einebustad oppført i 1998. | |
22 | Gnr. 54/46 Einebustad oppført i 2001. | |
23 | Gnr. 54/37 Einebustad oppført i 1997. | |
24 | Gnr. 54/42 Einebustad oppført i 1998. |
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no