Målfrid Longva (1925–2012)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Målfrid Longva.
Foto: Stortinget

Målfrid Longva f. Myklebust (fødd 20. januar 1925, død 9. september 2012) var kafé- og kantinestyrar i Haram. Frå 1973 til 1981 var ho óg vararepresentant til Stortinget for Arbeiderpartiet. I 1978 og 1979 møtte ho fast på Stortinget.

Slekt og familie

Ho var dotter av fiskar Ivar Myklebust (1891–1965) og husmor Paula Myklebust f. Buset (1892–1961). Ho var det fjerde av borna i syskjenflokken på sju.

Ho vart i 1950 gift med fiskar Kaspar Inge Longva (1922–1996). Dei fekk tre born.

Liv og veke

Ho vart fødd i Vartdal i Ørsta kommune. Då ho var eitt år gamal busette familien seg på småbruket Heimen, som vart skilt ut frå Grønnetvet på matrikkelgarden Sætre.

I 1940-åra fekk ho ein lærarstilling i Haram, utan å ha formell lærarutdanning. Der traff ho Kaspar Longva. Som nygifte flytta deg til Brattvåg. Kaspar Longva sin far kjøpte ein tomt til dei der, då han meinte at eit ungt par ville ha ei betre framtid der enn ute på øyane. Ho fekk seg lærarjobb på Alvestad. Etter eit år byrja ein periode på 18 år som husmor med småunger. Frå 1957 til 2006 budde ho i Bjørklia 8 i Brattvåg.

Frå 1968 til 1979 fekk ho jobb på Haugstad Kafé i Brattvåg. I 1973 vart ho vald til vararepresentant til Stortinget for Arbeiderpartiet, men ho fortsatte kafédrifta. I januar 1978 vart ein av dei faste representantane frå Møre og Romsdal, Asbjørn Reidar Jordahl, utnemnd til samferdselsminister. Longva møtte difor fast på Stortinget fram til oktober 1979. Ho sat óg i kommunestyret i Haram frå 1965 til 1979. Innafor den perioden sat ho óg i ein rekke lokale utval, som skulestyret og bygningsrådet Frå 1975 til 1979 sat ho på fylkestinget i Møre og Romsdal, og ho var nestleiar i Rikstrygdeverket sitt styre.

I organisasjonslivet var ho aktiv fleire stader. Ho var leiar i Brattvåg Røde Kors i eit par år, og styreleiar for Brattvåg Samvirkelag frå 1983 til 1985. Frå 1994 til 2002 var ho leiar i Brattvåg Pensjonistlag. I 1960-åra var ho styremedlem i Brattvåg og Hildestranda mållag. Ho var på sine eldre dagar aktiv i Haram kulturhistoriske lag.

Ho vart i 1981 kantinebestyrar på Haram videregåande skule, ein jobb ho hadde til 1993. Ho hadde god kontant med ungdomane, og ingen hadde noko å utsete på svelane i kantina.

Ho fekk oppleve å få oldebarn før ho somna inn i september 2012. Ho vart gravlagd frå Brattvåg kyrkje den 14. september 2012.

Kjelder og litteratur