MB «Nilfisk»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Her vert «Nilfisk» sjøsett.
Foto: Magnar Høydal (1974).

MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk. «Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.

Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik.

Eigarar

Opplysningar om eigarskifte, namn og dato er henta frå merkerigister for Fiskefarkoster og NIS registeret.

  • Ny båt i 1974 til Kjell, Atle og Karstein Molnes, 6040 Vigra. Dei sette inn brukt motor frå 1967, Deutz 212 Hk, og ca i 1984 installert dei 300 Hk Volvo Penta. Dei brukte båten til Snurrevad og til garn og line på Mørekysten. På seinare bilder ser me at båten har fått slingrekjøl, truleg eit arbeid dei fekk utført.
  • Skjøte 1996.11.12, til Knut Kjerstad, 6292 Kjerstad, nytt namn og merkenr, «LEPSØY» og registrert M-46-H. Knut kjøpte båten etter at han hadde slutta om bord på større båtar med fiske i meir fjerne farvatn. Han nytta «LEPSØY» til fiske med snurrevad og litt garnfiske i meir heimlege farvatn.
  • Skjøte 2000.05.05, til Yste Sørgård Snurrevadlag A/S, v/ Yngve Fjørtoft, 6294 Fjørtoft. Han brukte båten til snurrevad.
  • Skjøte 2001.05.25, til Partsrederiet Hellernes DA, Hammerfest, nytt namn og merkenr, «Hellarnes» F–246–H. Bestyrende reder, Torstein Hansen, 1592 Våler i Østfold. Hansen drifta med snurrevad på Finnmarka. Hansen har tidlegare også vore eigar av «Straumingen», F-31-H frå 1994 til 2005, tidlegare namn var «Arne Longva», også då drifta han med snurrevad. Interessant at Hansen har hatt to båtar bygd ved L/L Vik Båtbyggeri.
  • «Hellarnes» sletta frå merkerigisteret, 2005.06.13, og frå same dato, Fritak frå destruksjonskravet. Fartøyet skal ikkje kunne nyttes i fiske, ikkje gjenninføres i Registeret over Norske Fiskefartøyer. Vidare status: Fritidsfartøy.
  • Skjøte 2005.06.13, til Garnbingen Båtforening, C/O Johnny Jekthammer, 7715 Steinkjer. Ikkje personleg bekrefta.
  • Skjøte 2006.08.24, til Per Arne Knutsen, Sjøhagen 1539 Moss. Han kjøpte «Hellarnes» av Ola Viken/ Leangen dykkerklubb. Går ikkje fram av offentlege register. Viken gjekk båten frå Hammerfest til Drammen der restaureringsarbeidet byrja. Alle omarbeidingar frå fiskebåt til fritidsfartøy har vore i regi av Per Arne Knutsen. Han har brukt båten i helger og ferier, lengste tur til Gøteborg i 2007 og Kristiansand i 2010.
  • Skjøte 2010.12.09, til Ketil Sirevåg, Trosavigveien, 4375 Hellvik.
  • Skjøte 2011.04.12, til Egil Bjørnevik, Bådsvikvegen, 5567 Skjoldastraumen. Han har og brukt båten til ein del turar men kvar er ikkje kjent.

Bilde

Klikk på bilde for større versjon, då kjem full tekst og bildeopplysningar opp under bilde. Den som ser feil i bildetekster, meld frå.

Kjelder