MB «Sørbøen»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Sørbøen» flaggpryda. Dette må vere jomfrutur.
Foto: Rana Båtfabrikk
Dette er «Hav-Jenta», tidlegare «Sørbøen», me ser at fiskerinummeret ikkje er endra endå.

MB «Sørbøen» N-4-ME, var bygd i 1976 ved Rana Båtfabrikk for Karl Normann Meløysund, 8176 Grønøy. «Sørbøen» var Byggnr. 421 frå Rana Båtfabrikk og nr. 6 av Rana 66 serien. Kjenningssignal: LDOA. I fiskeriregisteret for 1980 står båten med desse måla 20,2-5,9-2,4, (L-Br-Dj).

Om båten

I Fiskets Gang nr. 24 – 1. desember 1977 står å lese om suksess for Ranabåt.

Karl Normann Meløysund frå Grønøy i Meløy kommune har fiska for 1,5 millioner med m/s «SØRBØEN» som han overtok frå Rana Båtfabrikk på Hemnesberget for eit år sidan. Det er vesentleg seinotfiske Meløysund og mannskapet hans på seks har dreve med. Frå januar til oktober har mannskapslotten passert kr 100 000. Det må gjerast merksam på at Meløysund og karane hans tok seg ferie frå midten av april og til slutten av juli, - penger er ikkje alt her i livet.

Etter kvart kjem det fram meir opplysningar om «Sørbøen» serleg frå båtmiljøet på Hemnesberget. Dei har mykje bilder og stoff, vonar dei finn det tenleg å leggje det ut på Lokalhistoriewiki slik at eit større publikum får ta del. 31. mai 2015 la Stein Dahlberg, Hemnesberget ut denne på nettstedet, «Båter bygd på Hemnesberget m/omland». Dette går inn i bakgrunns stoffet om «Sørbøen».

Under et hyggelig besøk hos John Sande i går fikk jeg se en flott modell av «Sørbøen». Denne er laget av John's bror Kyrre Sande. Legg merke til alle detaljene.

«Sørbøen» ble levert i 1976 til Karl Meløysund og var 66 fot lang. Forlenget 2,8m i 1980, men forliste dessverre noe senere. Både John og Kyrre var med og bygde denne båten på Skipsbyggeriet. John fortalte at han var den som konstruerte rekka og trålerbakken, mens Kyrre laget styrhuset. Legg merke til at rekka svinger noe mer opp forover enn vanlig, slik at trålerbakken blir mindre ruvende. Kyrre var den faste aluminiums-sveiseren på skipsbyggeriet, og han konstruerte også det meste av overbygg, rekker og rigg. John Sande var født 6. juli 1924. Han begynte sin arbeidskarriere i båtbyggermiljøet i 12-års alderen som fyrbøter på steamkjelen (for steaming av båtplank) i Vedå-brygga. I 1938 begynte han å jobbe hos Nils Roghell sammen med kameraten John Sørensen. Jobben var å «tulle på spikeren» og lønna var 10 øre timen. Han jobbet hos Nils Roghell til 1945, og hadde da lært det meste av båtbyggerkunsten. Etter en kort periode hos Kåre Hansen på Sund, tok han på seg et reparasjonsoppdrag på Træna i 1946, sammen med John Sørensen og Alf Iversen. Det var en større reparasjon av en 58 fots Vedå-kutter. Etter dette begynte han å arbeide i båtskøtet til sin far Ivar Sande, og fortsatte senere alene når faren trakk seg tilbake. Her ble det bygget båter opp til 28 fot, begrenset av skøtets størrelse. John laget her selv til sammen 120 båter fra 16-28 fot. Han jobbet også noen år midt på 70-tallet på skipsbyggeriet (Rana Båtfabrikk). John var en av de første på Hemnes som lærte seg plastbåtbygging etter et kurs i Oslo først på 60-tallet, og han laget modellene til de første Rana Plast-båtene (Præsteng), 14 - 15 og 16-fotinger. Han laget også en modell for Rana Båtfabrikk: 15 fot Skipper

.

I samtale med John Sande fekk me klarheit i korleis båten var innreidd. Messe var i babords gang. Lugar framme under dekk var innreidd med to dobbelkøyer på styrbord og to enkelt-køyer på babords. Huda var av furu og spikra, støytboltar på vanleg vis slik som på dobling spant, og alle nater var limde med eikelister. Finn nokon feil i det som vart oppfatta på telefon gjer vel å meld attende!

Forlengd

I 1980 vart båten forlengd ved L/L Vik Båtbyggeri, det er også grunnen til at denne båten er med i båtlista på Vik. I fiskeriregisteret for 1984 ser me at båten no har måla 23,4 - 6,0 - 2,4, i forhold til måla frå fiskeriregisteret i 1980 er båten forlengd med 3,2 m. På Vik vart båten teken opp på renna i byggehallen og forlenginga kunne då gjerast under tak. Det har store fordelar i høve til å sette opp presenningar eller andre førebelse løysingar. Båten er bygd på laminerte spant og ei spørjerunde kan tyde på at lamellane var 7” x ½”. Det er rimeleg å tru at det var 13-14 lamellar i spantet (6,5 -7”). Ved forlengingar vert vanlegvis arbeidet utført slik som når båten var nybygd. Båten vart kappa ved 0 (null) spantet og dermed kunne spanta pressast i rett vinkel. Kjølen på «Sørbøen» var laminert og kjølskøyten må då også laminerast på same måte. Kjølskøyten var montert inn med lang laskeskøyt på vanleg måte, truleg oppmot tre gangar dimensjonen. Etter det som vert opplyst vart denne kjøpt ferdig laminert frå annan verkstad då pressa på Vik var for lita til så langt arbeidsstykke. Spanta vart pressa på Vik Båtbyggeri. Natene var fresa og med innlimde lister i eik, også støytnatene var fresa og limde. Huda er spikra med skipsikar, «spikarhud». Romet oppbinga på vanleg måte vert opplyst frå arbeidarar, der var ikkje eige agnrom. Skulle gjerne fått komentarar eller spesifikasjonar frå Rana Båtfabrikk. Albert Meløysund som ofte var skipper på «Sørbøen» snakka godt om båten og han meinta at «Sørbøen» var finaste båten frå Rana Båtfabrikk.

«Sørbøen» fiska med not og snurrevad. I august 1985 er N-4-ME «SØRBØEN», LDOA, bygd i 1976 for Karl Normann Meløysund, Grønøy omdøypt til «HAV-JENTA»

Motor

Når «Sørbøen » var ny vart det montert Caterpilar på 425 HK byggeår 1976. Den stod i båten heile tida. Båten gjekk med ca 10 mil. Frå propellhaudet til hylsa var ei forlenging mot det som er vanleg slik at propellen kom litt lenger bak, muleg det er grunnen til at båten heldt god fart.

Ny eigar

I januar 1986 er eigaren av «HAV-JENTA», Karl Jan Krogh, 8360 Bøstad, registrert med N-17-VV. Båten vart utstyrt med Mustad autoline system. Det var montert i styrbord gang ved påsketider i 1986 av Vest Aluminium i Ålesund. Etter påske same år vart båten slippsett ved Larsnes mek. Verkstad for klassing. I babord gang vart montert kjølerom for agn. Båten hadde såleis vore på slipp og full puss før dei drifta på Røstbanken etter brosme og lange. Dei hadde ute linebruk og då dei gjekk opp til stubben for draging og slakka ned, merka skipperen at båten dubba tyngre på baugen enn vanleg. Han sjekka i lugaren forut og der var mykje sjø på dørken. Mannskapet som var i messa vart varsla og båten vart etter kvart tyngre i sjøen så mannskapet gjekk i floten. Når dei kom på sida såg dei at det var eit hol i huda nesten fram med stemnet. Men kva er årsaka, det kan det vere fleire enn mannskapet som lure på. Alle om bord vart berga og ein annan båt drog lina deira. Havariet skjedde 19.08.1986.

Ta gjerne kontakt med meir informasjon og bilder, bruk epost; magnar.hoydal@tussa.com

Gamle Sørbøen på bildet under

Her er historia om den, henta frå nettsøk: «Sørbøen», N-477-ME

  • 1915- Bygget ved Jens O. Nerhus i Ølve, Hardanger for Hans Goksør m/fl., Runde. Lengden var 35 fot, og motoren var en Rekord på 20 hk. Navnet var “Forsøk”.
  • 1920- Tildelt følgende fiskerinummer: M-177-HØ (Herøy).
  • 1937- Omdøpt til «Vestøy».
  • 1940- Ombygget/forlenget til 41 fot, og motoren ble skiftet ut med en Rapp på 29 hk.
  • 1942- Forlenget til 58 fot, og motoren ble skiftet ut med en Rapp på 50 hk.
  • 1951- Motoren skiftet ut med en Rapp på 125 hk.
  • 1958- Solgt til Karl Leite m/fl., Averøy. Nytt fiskerinummer blir M-240-BS (Bremsnes).
  • 1962- Omdøpt til «Vingholm».
  • 1965- Motoren ble skiftet ut med en Normo på 210 hk.
  • 1966- Kommunesammenslåinger, og nytt fiskerinummer ble M-47-AV (Averøy).
  • 1968- Solgt til Karl N. Meløysund m/fl., Grønøy. Nytt fiskerinummer ble N-477-ME (Meløy). Omdøpt til «Sørbøen».
  • 1974- Motoren ble skiftet ut med en Caterpillar på 425 hk.
  • 1976- Omdøpt til «Tokai», og solgt til Albert K. Meløysund, Grønøy.
  • 1983- Solgt til Tor Fagervik, Hasvik. Nytt fiskerinummer ble F-76-HV (Hasvik).
  • 2006- Solgt til Karl Raymond Andersen, Hammerfest. Nytt fiskerinummer ble F-201-H (Hammerfest).
  • 2007- Solgt til Rune Blaschek, Sandefjord, beholder fiskerinummeret.
  • 2008- Ute av merkeregisteret.

Bilder

Kjelder