MB Jutul

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Båten på Tyin
Foto: Normann (1950-tallet).

«Jutul» vart kjøpt inn av Tinn kommune i 1920 for å knyte dei øvre bygdene ved Tinnsjø dvs. Vestfjorddalen, Atrå og Austbygde tettare saman. I tillegg til persontrafikk var frakt av mjølk ein viktig del av grunngjevinga for å gå til innkjøp av ein motorbåt. I 1918 nedsette Kommunen ein komite, Kommunikationsutvalget, som skulle undersøke kjøp av motorbåt. Interessentselskapet for Dampskipsfart på Tinnsjøen var i utgangspunktet ikkje interessert i å skaffe ein motorbåt til verksemda si. Ei utgreiing vart lagt fram for dei folkevalde i 1919, men heradstyret la saka til side av budsjettmessige grunnar. Men presset frå sovel bygdefolk som Rjukanfolk om betre samband mellom bygd og by auka på, og Kommunikationsutvalet med Harald Helberg i spissen fekk i 1920 grønt lys til å finne ein høveleg båt til føremålet.

Kjøp i Sverige

Valet fall på ein svensk båt av stål produsert på Löfholmsvarvet, Liljeholmen ved Stockholm. Båten vart opphavleg bygd som reklamebåt for det svenske firmaet Aktiebolaget Diesels motorar. Dette selskapet bygde denne og liknande båtar for å vise at også mindre båtar fungerte bra med diesel som drivstoff. Båten fekk namnet «Polar» I og gjekk bl.a. på norskekysten frå Kristiania til Tromsø for å teste og vise fram sjødugleiken. Personen som Kommunen kjøpte båten av hadde nytta han i privat verksemd, og var soleis ikkje utstedt med passasjersertifikat. Ein måtte gjere nokre endringar på båten før han vart sett inn i persontrafikk på Tinnsjøen. Skroget vart rehabilitert, og motoren gjennomgjekk ei grundig overhaling. I tillegg til dieselmotoren på 50 hK var det òg installert ein liten hjelpemotor for å drive ei reserveluftpumpe. Båten var 15 meter lang og 3,2 m brei og var sertifisert for 31 passasjerar. Framme var mannskapslugaren med plass til to mann. Den fyrste tida bestod mannskapet av maskinist Olaf Lie og kaptein H. Pedersen. Kommunen sleit frå fyrste dag med å få hjula til å gå rundt, og båten var til tider eit tapsprosjekt. Det hjelpte heller ikkje da Interessentskapet tok over drifta etter nokre år.

Til Jotunheimen

I 1930 var det slutt. Året etter vart båten selt til eit selskap der han gjekk i trafikk på Tyin under namnet «Jøtul». For å frakte båten til Tyin måtte dei dele han i to delar på 10 og 17 tonn. Da dei skulle setje han saman i Jotunheimen måtte dei bruke all strøm som det lokale elektrisitetsverket makta å produsere; spesielt sveisinga krevde mykje strøm. I 1944 kjøpte Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap båten, og han gjekk på Tyin fram til 1955. Det året stod vegen mellom Tyin og Tyinholmen ferdig.

Litteratur

  • Helberg, Harald. Den kommunale motorbaat. – I: Rjukan Dagblad 14. sept. 1920
  • Tverberg, John: Byen Sigurdsrud : Tinn i Telemark. – Atrå, 2008