Magne Bø (1924-2005)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Magne Bø vart født 20. juli 1924Stuguflotten heilt vest i Lesja der far hans, Sylfest Bø frå Vågå (1891-1982) var anleggarbeidar på Raumabanen. Mora var Ragna Sillihagen frå Sillihågån på Lesja (1891-1969). Foreldra bygde heimen Skogstad i det som var i ferd med å bli Lesjaskog sentrum i 1920-åra og flytte dit, der Magne vaks opp. Han døydde på Dombås 2. februar 2005.[1]

Etter krigen drog Magne til Volda, der han først gjekk gymnaset, deretter to år på lærarskulen.

Far til Magne, Sylfest, spelte fele og munnspel, så Magne vart inspirert i barndomsheimen. I Volda fekk han musikkopplæring, og deretter arbeidde han som lærar i Lesja og Alvdal. Men alt som 30-åring begynte han å studerer til tannlege, og det vart levevegen hans, først på Dombås og sist på Lesja.

Referansar

  1. Gravminne Dombås.

Kjelder