Malmvegen 14 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 14
Utskilt: 1979
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 335
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 14 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett i 1979 av David Hullett og Anne Lise Wolles, som same året flutte hit frå Kristiansand. Anne Lise hadde med seg borna frå det fyrste ekteskapet sitt hit, og då gjer framstillingstekniske grunnar at me fører opp henne fyrst:

Anne Lise Wolles Hullett, f 1950

g 1. m Øyvind Mikkelsen. Born:
  • Hilde, f 1972, sb m Rune Isefjær, busett Kristiansand, born:
  • Cecilie, f 1993
  • Stine, f 1999
  • Espen, f 1978, g m Trude Arnestad Ekroll, sjå Jernvegen 24, bnr 838
g 2. m David Hullett, f 1947. Born:
  • Christine, f 1983

David er frå Liverpool, England, og son åt Esther og Brian Hullett. Han hadde tidlegare vore yrkesmilitær. Her i bygda dreiv han transportforretning. Anne Lise er frå Kristiansand, og dotter åt Gudrun og Kristian Wolles. Wolles-namnet skriv seg forresten frå Færøyane. Ho arbeidde eit års tid som oldfrue ved Hovden Appartementshotell, og var seinare assistent i Fjellgardane barnehage. I 1988 selde dei huset sitt her til Bykle kommune, og flutte attende til Kristiansand. Etter dette har her vore fleire familiar innom, men dei har me ikkje hatt høve til å kartleggje. I 1999 vart huset kaupt av han som eig det nå:

Lars Erik Gulaker, f 1964

Gulaker er alpintrenar, og har vore busett i Sveits i ei årrekkje. Huset har vore bortleid i periodevis, men nå (sommar 2006) høyrer me gjete at eigaren vil take det i bruk att sjølv.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 14 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 12 • Neste bolk: Malmvegen 15-17

Koordinater: 59.55713° N 7.36229° Ø