Marie Aase

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Marie Aase
Foto: Sykkylvsbladet (1985)

Marie Aase (fødd 1894, død 1991) var den første i Sykkylven som utdanna seg til sjukepleiar. Det skjedde i åra 1913-1914. Då var tuberkulosen framleis ein trugande sjukdom som tok mange liv også i Sykkylven. Mest utsette for sjukdomsangrep var familiar med store barneflokkar som levde i fattigslege og tronge kår. I utdanninga si spesialiserte ho seg på behandling av tuberkulosepasientar, og etter at ho kom tilbake til Sykkylven, virka ho i bygda som sjukesyster. Ei hovudoppgåve vart å hjelpe dei som var ramma av tuberkulose.

På denne tida hadde den medisinske vitskapen nett gjort store framsteg. Kunnskap om korleis sjukdom oppstod og kunnskap om korleis han kunne behandlast, hadde erstatta overtru og meir eller mindre effektive kjerringråd. Tuberkulosen smitta mellom anna gjennom spytt. Dei gamle spyttebakkane var seigliva smitteberarar. Marie Aase var ei tidleg talskvinne for god hygiene og riktig matstell. På dette feltet var ho ein modernitetens faneberar i Sykkylven.

I mellomkrigsåra tok ho seg av mange av dei oppgåvene som legane seinare fekk hand om, for det vart ikkje fast tilsett doktor i Sykkylven før ut i 1930-åra. Ho har fortalt at ho fekk mykje hjelp av doktor Bastian Weiberg-Aurdal då han var heime i Velledalen i helgane. Av han fekk Marie Aase undervisning også, slik at ho kunne greie å hjelpe pasientar i vekene, då ho var åleine som helsearbeidar i bygda.

Ut i 1930-åra fekk Sykkylven eigen doktor, og dermed vart det mindre trong for Marie Aase sine tenester. I mange år virka ho då som pedell i Sykkylven Sparebank som hadde bygd seg eige hus på Aure. Ho gjorde reint og heldt orden, og serverte på ulike tilstellingar som var der.

Marie Aase var den første kvinna med sete i heradsstyret, frå 1937. Aase vart då valt inn frå ei rein kvinneliste som einaste faste representant. Ho var ei respektert kvinne som vart lytta til når ho kom med dei gjennomtenkte argumenta sine. Ho bana veg for dei kvinnene som seinare gjorde seg gjeldande i samfunnsstyringa i Sykkylven, jamstilte med mennene.

Kjelder og litteratur