Marta Opdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Marta Opdahl (født 31. januar 1903 på Natås i Lindås, død 17. april 2008) var husmor.

Ho var dotter til gardbrukaren Bertin Anderson Natås (f. 1866) og kona Elevina Olsdotter (f. 1869). I folketellinga 1910 er det fire syskjen, Marta, Anders (f. 1905), Ingeborg (f. 1907) og Andrina (f. 1910) på Natås, gnr 43/4 i Lindås. Mora døydde ikkje lengje etter at Marta hadde byrja på skulen.

Etter skulen fekk ho teneste mellom anna i Saltneset ved Lindås og i Fana. Tidleg i 1930-åra fekk ho eit brev frå ei venninne som ba henne reisa til Høyanger, det var ein ledig jobb på hotellet der. Marta tok sognebåten, og det fyrste ho sa til venninna då ho møtte henne var «Her vert eg ikkje lenge, mellom desse høge fjella»[1], Det gjekk ikke troll i ord, Marta fekk jobben, fann nye venner og ikkje minst: Knut Opdahl frå Tysnes. Han arbeidde på aluminiumsverket der, og då dei gifta seg vart ho heimeverande husmor.

Marta og Knut fekk to jenter, den eine døydde som lita, men Liv Magnhild vaks opp i August Gunnarskogsgate. I heimen var det mykje bøker i alle sjangrar, og alle vart lese.

Etter at Knut Opdahl gjekk bort i 1976, flytta Marta og dottera til Natås og bygde seg eit hus i mora si heimbygd. Der fekk Marta utløp for interessa for blomar og hagearbeid. Som så mange fekk ho etter kvart problem med beina og trappene i huset, og ventetida var lang men ho flytta ikkje til Knarvik sjukeheim før ho var nesten 100 år.

Med tida vert hørsla dårlegare, så i 2008 nytta familien ei kladdebok som dei skreiv meldingar i for å prata når dei var på besøk. Synet var det ingenting gale med, og ho las gjerne aviser.

Marta Opdahl er begraven på Myking gravplass på Lindås.

Referansar

  1. Tjore 2008.

Kilder og litteratur

Eksterne lenker


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.