Martin Utgård Veveri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile fra Norsk lysingsblad 7. juni 1949; bekjentgjøring om etableringen av veveriet.

Martin Utgård Veveri var eit veveri i Hundeidvik i Sykkylven. Martin Utgård kom i gong med veveriet i kjellaren i bustadhuset til Peder Utgård i 1949. Veveriet hadde same året fire tilsette, av desse var det tre kvinner.

Første produkta frå verksemda var ullteppe, sidan konsentrerte Martin Utgård seg mest om veving av møbelstoff til lokale fabrikkar. Brørne hans, Toralf og Peder, som dreiv møbelfabrikkar høvesvis på Hareid og i Hundeidvik, tok unna ein stor del av produksjonen. Bedrifta disponerte fleire manuelle vevstolar.

I sju år var Martin Utgård Veveri ein viktig kvinnearbeidsplass i Hundeidvik.

Kjelde