Matthias Bruun (1721–1784)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Matthias Bruun (fødd juni 1721, død 1784) var prest.
Han var sønn av Peder Bruun, sokneprest i Gildeskål prestegjeld.
I 1748 vart han misjonær til Beiarn og Saltdalen, i 1754 vart han residerende kapellan i Øksnes prestegjeld og i 1765 res.kap. til Vefsn. I 1767 vart han den første soknepresten i Vefsn prestegjeld.
Bruun var gift to gonger. Hans fyrste kone var Lavina Thams, andre gong vart han gift med Inger Evina Lund.
Kjelder
- Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjon på Nettbiblioteket. s.72
- Mathias Bruun i Historisk befolkningsregister
Artikkelen Matthias Bruun (1721–1784) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |