Midtvestlandsbåtar

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Midtvestlandsbåter»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nybygd og gammal sognabåt.
Foto: Marny Tønnessen

Midtvestlandsbåtar (nynorsk; bokmål midtvestlandsbåter) er dei tradisjonelle opne båtane i Nordhordland, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Typiske trekk ved midtvestlandsbåtane er ripbordet som er breitt midt på og smalnar jamnt mot begge stamnane; esinga som ligg langs nederkanten av ripbordet og går frå rong til rong; og skjeggkeipane som ligg an mot ripbordet. Desse trekka er òg typiske for krumstemningen, som nordfjordsbåten særleg skil seg frå ved den heilt runde stamnprofilen og mangelen av lyrodd. Midtvestlandsbåtane har frå gammalt vore rigga med symmetrisk råsegl, men i ytre strøk vart lårsegl vanlege frå kring midten av 1800-talet. Hovudtypane av midtvestlandsbåt er nordhordlandsbåt, sognabåt (sognebåt), sunnfjordsbåt og nordfjordsbåt.

Kjelder

Færøyvik, Øystein: Vestlandsbåtar : frå oselvar til sunnmørsåttring : ei bok bygd hovudsakleg på granskingsarbeid som Bernhard Færøyvik let etter seg. (Norske båtar; b. V.) Oslo : Grøndahl & søn forlag AS, 1987, ISBN 82-504-0857-8