Mikkel Larsson Bjørk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mikkel Larsson Bjørk (fødd kring 1632, død kring 1700) var truleg frå garden Bakken i Jostedalen i Sogn og Fjordane.
Mikkel dreiv heimebruket i Bakken og ein del av Sperla før han vart brukar og leiglending på Bjørk der han budde livet ut.
Mikkel var kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1693-1695.
Han gifte seg kring 1664 med Britha Pedersdotter, som truleg var frå Sperla. Dei fekk seks born i lag:
- Kari Mikkelsdotter (1665-1698), gardbrukarkone på Bergset
- Ole Mikkelson (1668-1717), gardbrukar i Bakken
- Peder Mikkelson (f. kring 1670)
- Peder Mikkelson (f. kring 1673)
- Kari Mikkelsdotter (1675-1730), gardbrukarkone på Bruheim
- Lars Mikkelson (f. kring 1678)
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 424 (digital utgåve, NBdigital)