Mosken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mosken sett frå Værøya. Attom Mosken ser vi Moskenesøya og resten av Lofoten.
Foto: Lukas Beck (2025).

Mosken er ei fjelløy i Værøy kommune i Nordland. Øya ligg mellom Værøya og Moskenesøya i Lofoten. Det høgaste punktet på Mosken er Wilhelmstind på 385 moh. Øya er ikkje busett og har eit areal på 1,5 km²

Mosken vart tidlegare nytta til beite for sau, både sommar- og vinterstid.

Mosken og småøyane rundt er eit viktig hekkeområde for toppskarv, lomvi, stormsvale, havsvale, ærfugl og teist. [1]

På Svarven like utanfor Mosken hadde fiskarane tidlegare rorbuer og tilhald under seifisket på seinsommaren og hausten.

Mellom Moskenesøya og Mosken går Moskenstraumen, ein av dei kraftigaste havstraumane i verda.

Referansar

----

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Mosken» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.