NEG 111 Gamle idrettsleikar for vaksne og ungdomar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sterke-Nils steinen ved Seljord kirke. Eivind Flatin "løfter" steinen.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen (Ca 1950).

NEG 111 Gamle idrettsleikar for vaksne og ungdomar er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1966 med tittel Gamle idrettsleikar for vaksne og ungdomar 1. Utsendar var Andreas Ropeid.

Introduksjon til spørjelista

Denne spørjelista handlar om dei gamle idrettsleikane slik dei var brukte før den moderne idrettsrørsla kom med sine øvingar. Lista tar sikte på å skaffa opplysningar om dei idrettsleikane som var kjende og brukte i bygda, korleis dei vart utførde og kva dei vart kalla. Lista vil også skaffa opplysningar om det sosiale miljøet der leikane gjekk for seg.

Tittelen viser at lista tar med berre leikar eller prøver for ungdom og vaksne. Det er tale om tre typar prøver: a) prøver som skal visa styrken, b) prøver som skal visa om ein er spretten og lett på foten, c) prøver som skal visa om ein er mjuk og ledig. Anten er det ei prøve på kven som er best av to personar eller lag (dra krokfing, dra tau), eller det er ein prøve som den einskilde kan freista seg på (lyfta stein). Alle balleikane, som var så mykje brukt og som også var eit slag idrettsleikar, er ikkje tatt med i denne lista.

Frå Sverige og Finland har vi mange opplysningar om slike leikar, Etnologiska Undersökningen ved Nordiska Museet har ved hjelp av fleire spørjelister samla eit stort tilfang om leikar, også idrettsleikar. Tilsvarande institusjonar i Uppsala, Lund og Göteborg har også eit stort tilfang om leikar, og det store oversiktsverket ”Svenska folklekar och danser” av Carl-Herman Tillhagen og Nils Dencker byggjer på dette store materialet. I Finland er Miximilian Stejskal den som har gjort mest for studiet av idrettsleikar. Resultatet av sitt arbeid har han lagt fram i verket ”Folklig idrott” (Helsingfors 1954).

I Noreg er svært lite blitt gjort med dette emnet. Einar Stoltenberg hadde store kunnskapar om dei gamle leikane og emna på ei utgreiing om dei, men han fekk ikkje gjort noko med den før han døydde. Også Gullik Kirkevoll har freista få til innsamling av opplysningar om idrettsleikane (jfr. A-Magasinet 22. aug. 1964). Gjennom listene våre vil vi gjera vårt til at opplysningane om dette viktige emnet vert så rike som mogeleg, og vi er glade for å få Dykkar hjelp til det.

Det har av fleire grunnar vore vanskeleg å laga ei liste som vi kunne vera heilt nøgde med. Ein vanske fylgjer av at det er tale om svært mange leikar eller styrkeprøver. Vi har ikkje hug til å spørja alt for generelt om desse leikane, for då kan hjelpesmannen vår lett kome til å gløyma ein leik eller to som vi gjerne ville ha opplysningar om. Vi vil derfor spørja presist om kvar einskild leik eller prøve, Men dermed vert lista i lengste laget, og vi må be om at De ber over med oss for det.

Vi må be om at De er svært nøgje når De skildrar korleis leiken eller prøva vert utført. Det ville vera gildt om De kunne teikna dei grep eller tak som er vanskelege å skildra med ord – det gjer ingen ting om teikninga ikkje vert flott.

Det er viktig for oss å få vita kven det var som dreiv med dei ymse leikane eller prøvene, om det var dei ukonfirmerte, dei som nyss var konfirmerte, den vaksne ugifte ungdomen eller dei gifte. Likeså må vi få vita når og kvar dei leika leiken eller utførte prøva. Det kunne nemleg vera ganske stor skilnad i så måte. Nokre leikar gjekk alltid for seg inne, andre berre ute i friluft, nokre berre ved juletider, andre på jonsokkvelden. Det er ikkje alltid det høver å spørja etter dette ved kvar leik eller prøve, derfor minner vi om det her.

Sume av leikane og prøvene har eit slag rituale med eit fast ordlag når ein baud opp motparten og når ein gav opp kampen eller spurte om motmannen gav seg. Ved sume leikar eller prøver fikk også den som vann og den som tapte, eit særleg namn. Vi ville gjerne De skulle gi opplysningar om det år det er aktuelt.

Brukt i publikasjonar

Sjå også

Eksterne lenker